Snillfjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Snillfjord
1613 Snillfjord komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1613
Fylke Sør-Trøndelag
Kommunesenter Krokstadøra
Areal 508.3  km²
Areal land 489.83  km²
Areal vann 18.47  km²
Folketall 982 (2017)
Grunnlagt 1923
Målform nøytral
Nettside Nettside
Valslagvågen sett frå Trondheimsleia.
Foto: Olve Utne

Snillfjord (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽ] el. ["sniʎ.ˌfjɷ:ɾ]), oftast kalla Snillfjorden (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:’ṇ] (nom./akk.), ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽa] (dat.)) er ein kommune i det tidlegare Fosen futedømme i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen grensar til Agdenes i nordaust, til Orkdal i søraust og til Hemne i vest; og på nordsida av Trondheimsleia grensar Snillfjord til Hitra. Snillfjord var opprinnelig del av Hemne kommune, men vart utskilt som eigen kommune i 1923. I 1964 vart den austlige delen av Heim kommune og ein del av Agdenes lagt til Snillfjord.

Geografi

Snillfjord kommune dannar overgangen frå innlandet til kysten og det opne havet med sine fjell, fjordar og lange strandliner. Kommunen er populær som feriestad med gode muligheiter for jakt, fiske og friluftsliv.

Jordbruksareal i drift utgjer 13,5 km², eller 2,8 % av totalt areal [1]. Produktivt skogareal utgjer 90,5 km², som svarar 18,8 % av totalt areal. 16 km² av totalarealet i kommunen er ferskvatn.

Kommunen er delt opp av fleire fjordar og fjell — noko som fører med seg store avstandar mellom småstadene, men som gjev mange naturskjønne område òg. Snillfjord har ein sterkt desentralisert struktur; tettstadene Sunde, Krokstadøra og Ytre Snillfjord er nokolunde jamstore. Krokstadøra er definert som sentrum i kommunen, med avstand på kring 35 km både til Ytre Snillfjord og til Sunde. Avstanden frå Krokstadøra til Trondheim er 75 km.

Den norske kyrkja

Snillfjord var ein del av Hemne prestegjeld og har vore eige sokn sidan sist i 1890-åra. Fram til den tida sokna folk i Snillfjorden til hovudkyrkja i Hemne, og frå 1884 dels til kyrkja i Heim. I 1898 vart det bygd eiga kyrkje her, og ho vart innvigd den 27. september 1899. På den tida vart òg Snillfjord utskilt som eige sokn.

Kommunevåpen

1613 Snillfjord komm.png

Snillfjords kommunevåpen er eit greip i sølv på grøn botn og symboliserer handverks-, sjø- og landbrukstradisjonar. Bakgrunnen for dette valet var at greipet i tidlegare tider var bruka både i tradisjonelt landbruk og til hausting av tang og tare, og dessutan viser det til dei gode handverkstradisjonane i kommunen. Greip vart i tidlegare tider laga av trevirke.

Kommunevåpenet vart laga etter ein idékonkurranse, og det valte kommunevåpenet er laga etter ein idé av Jim Bye frå Hallset ved Trondheim og bearbeidd etter heraldiske kriterium av Einar Skjervold frå Trondheim. Våpenet vart godkjent i kommunestyret i 1990, og vidare i Kommunaldepartementet den 17. september same året og endeleg stadfesta av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag i skriv av 19. september 1990.

Kjente snillfjordingar

Referansar

  1. tall fra 2008

Kjelder

16 Sor-Trondelag vapen.png
SØR-TRØNDELAG
FOSEN: Agdenes | Bjugn | Frøya | Hemne | Hitra | Osen | Rissa |  Roan | Snillfjord | Ørland | Åfjord | ORKDALEN: Meldal | Oppdal | Orkdal | Rennebu | GAULDALEN: Holtålen | Melhus | Midtre Gauldal | Røros | STRINDA: Klæbu | Malvik | Skaun | Trondheim | STJØRDALEN: Selbu | Tydal (& Meråker og Stjørdal i Nord-Trøndelag)