Telavåg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Selstøbuane var dei enaste bygningane som stod att etter nedbrenninga av bygda i 1942.
Foto: Commons-brukaren Cavernia

Telavåg er ei bygd på Sotra i Øygarden kommune. Staden hadde i 2022 rett i overkant av 600 innbyggjarar.

Telavåg er særleg kjend for represaliane etter ei trefning i 1942. Alle hus vart sprengt og brent, alle dyr ført bort og alle båtar senka. Av innbyggjarane vart alle menn mellom 17 og 60 sende til Sachsenhausen, der 31 av 72 døydde. Dei andre vart internert i Noreg inntil mai 1944. Telavåg er den einaste staden i Noreg som vart utsatt for så harde represaliar, og hendingane vart teke med som eitt av tiltalepunkta i Nürnbergprosessane. Hendingane i 1942 vert minna på Nordsjøfartmuseet, som óg fortel historia om Englandsfarten og Shetlands-Larsen.

Eldre historie

Ein har funne spor etter buplasser frå steinalderen i området, men den eldste busetninga vi er sikre på i sjølve Telavåg er frå 500-talet e.Kr. Området låg lenge til Nonneseter kloster i Bergen. I 1828 gav kongen det til Vincens Lunge.

I mellomalderen var kvalfangst viktig for Telavåg, og dette heldt seg heilt til slutten av 1800-talet. Det var óg godt makrell- og sildefiske der, og på land kunne ein både dyrke korn og halde sau.

Litteratur og kjelder