Utistoga (Bykle gnr 1/6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utistoga
Breive 21 - HFB I 69.jpg
Utistoga (Flaten) 5. august 2005.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Utistoga Breive; Flaten
Stad: Breive
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 1
Bnr: 6

Utistoga eller Flaten er bruksnummer 6 på Breive i Bykle kommune.

Gyrid Torbjørnsdotter og Knut Monsson i Der sø åtte ei samla skyld på tre kalveskinn. I 1814 overdrog dei den eine halvparten av eigedomen sin, det var Der sø, til eldstesonen Knut Knutsson, og sidan sat dei med Utistoga til dei i 1828 tok foddog og overdrog bruket her til den neste sonen i rekkja:

Mons Knutsson Breive, f 1797, d 1876

g 1830 m Margit Bjørgulvsdotter Gunvaldjord, f 1801, d 1869. Born:
  • Knut, f 1831, g 1861 m Else Olavsdtr. Midbø, Mo, sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f 1833, d 1834
  • Gyrid, f 1836, 1891 tenestejente Hovden, bnr 1, d 1923, ug.
  • Sigrid, f 1837, d 1923, ug
  • Bjørgulv, f 1839, d 1917, vanfør, ug
  • Torbjørn, f 1842, d 1842
  • Åsne, f 1844, d 1899, ug
  • Torbjørn, f 1849, d 1937, g 1877 m Magnhild Aslaksdtr. Vasshus, sjå nedanfor

Margit B. Breive var frå Gunvaldjord i Haukeli, dotter åt Bjørgulv Jonsson Ormekvålen på den garden og kona, Åsne Haraldsdotter, fødd Kili.

Yngstesonen Torbjørn gifte seg i 1877 med Magnhild, yngste dotter åt den kjende rosemålaren Aslak Ånundsson Vasshus, som måla i Bykle kyrkje i 1826. Aslak var frå Rauland, men budde på ein plass under Haugåsmo i Grungedal, som dei kalla Lunelii. Magnhild var fødd der i 1848, to månader etter at faren døydde. Ho vaks opp med mora og syskena på ein annan plass i Grungedal som heitte Neset. «Det var so vene og snjaale nokre born. Skøyarar var dei nok, dei kalla deim Nesa-revine», skriv Rikard Berge (Vinje og Rauland IV, 326).

Torbjørn og Magnhild fekk 10 born:

Her har Torbjørn Monsson og familien hans vore til ein fotograf i Minneapolis i 1899. Det er tydeleg at det å taka seg av vart oppfatta som ei alvorleg sak. Framme frå venstre: Torbjørn, Cornelia, Magnhild. I midtrekkja: Tilda, Christian, Helene, Anand Oscar, og attanfor: Mary, Martin, Adolph, Berent og Margit. Bilete frå LaVonne Houlton, Modesto, California.

Torbjørn Monsson Breive (Brevig), f 1849, d 1937

g 1877 m Magnhild Aslaksdtr. Vasshus, f 1848, d 1937. Born:
  • Margit, f 1878, d 1956, g m E. R. Titus, busett Yreka, California, ikkje born
  • Mary, f 1880, d 1972, g m Edward Twigg, busett San Bruno, California, 2 søner
  • Martin Olaus, f 1881, d 1913, g m Mattie Kremer, busett St. Hilaire, Minnesota, 1 son
  • Gustaf Adolph, f 1882, d 1955, busett lengste tida i Domremy, Saskatchewan, Kanada, d Hamburg, California, ug
  • Berent Jergon, f 1884, d 1951 i traktorulukke, busett Hamburg, California, ug
  • Christian Albert, f 1885, d 1968, g m Jennie Blaine Carter, busett Fair Oaks, California, ikkje born
  • Anand Oscar, f 1887, d 1962, g m Agnes Lucksinger, busett Fair Oaks, California, 1 dotter
  • Helene, f 1888, d 1977, g m Elmer J. Landes, busett Oakdale, California, 4 born
  • Tilda Christine, f 1891, d 1928, g m Peter Burstad, busett Thief River Falls, Minnesota, 4 born
  • Cornelia Helmina, f 1891, d 1943, g m Olaf F. Hanson, busett Modesto, California, 2 døtrer

Eldstedottera Margit var fødd i Vinje, men alle dei yngre borna kom til verda i Amerika; Torbjørn, Magnhild og Margit drog dit sumaren 1879. Me reknar med at dei reiste ut frå Stavanger, der det ikkje finst att emigrantprotokoll. I søknaden sin om statsborgarskap i USA opplyste Torbjørn at dei hadde kome inn i landet i Detroit, og dette tyder på at dei fyrst hadde gått i land i Quebec i Kanada, og så drege vidare med skip derifrå. Då den amerikanske folketeljinga for 1880 vart oppteke, budde dei hjå Bjørgulv Jonsson og Margit Knutsdotter (Heggebakkjen, Kyrvestad) i Cherry Grove Township, Goodhue County, Minnesota. Sidan var dei i Buxton Township, Traill County, Nord-Dakota i perioden 1881-1898, dinest i St. Hilaire, Pennington County, Minnesota, i åra 1898-1929. Torbjørn var farmar, og dreiv m.a. med Jersey-kyr, og fungerte også som kyrkjesongar (klokkar). Då han trekte seg attende frå yrkeslivet i 1929, flutte han og Magnhild til yngstedottera Cornelia og mannen hennes i Modesto, California. Alle opplysningane våre om Torbjørn og familien hans skriv seg frå LaVonne Houlton, f 1925, som bur i Modesto, og er dotter åt Cornelia. Men lat oss nå koma oss attende til Utistoga.

Då Mons Knutsson overtok bruket, hadde det ei skyld på 61 skilling. I 1867 vart febeitet Veringsdalen utskilt med ei skyld på 10 skilling, etter at det året fyre hadde vorte selt til brørne Olav og Knut Alvssøner frå Der inne. Denne parten fekk lnr 2 f, og vart tildela bnr 8 i 1888. I 1873 vart også lnr 2 e, seinare kalla Der uppe, bnr 9, utskilt. Denne parten, som Mons Knutsson då selde til Olav Alvsson, utgjorde 27 skilling eller litt over halvparten av Utistoga utan Veringsdalen. Den eldste av monssønene overtok det som var att med ei landskyld på 24 skilling.

Olav K. Breive, busett Canby, Minnesota. Bilete frå LaVonne Houlton, Modesto, California.
Sigrid K. Breive, busett Dalen i Telemark. Bilete frå LaVonne Houlton, Modesto, California.

Knut Monsson Breive, f 1831, d 1892

g 1861 m Else Olavsdtr. Midbø, f 1828, d 1892. Born:
  • dødfødd jente, 1863
  • Sigrid, f 1865, g 1903 m em Daniel Gunnarsson Nordskog, busett Dalen i Tokke, barn:
  • Gunnar, f 1904, g 1935 m Andrea Felland, jfr. Mo bygdebok I, 619
  • Olav, f 1866, til USA 1902, d 1930, farmar, busett Canby, Yellow Medicine County, Minnesota, g m Mary Regina, f 1874, d 1955, born:
  • Clarice Malpha, f 1910
  • Bernice, f 1914.
  • Margit, f 1876, farmarkone, til USA 1902, g 1910 m Johan Ulvild, sjå nedanfor

Olav Jonsson Midbø på Byrte og andre kona, Gunhild Åmundsdotter Oddeskar, var foreldra åt Else. Då ho gifte seg med Knut, budde ho i Bjåen, avdi mora i 1854 hadde gift seg andre venda med Hallvard Gunnarsson.

Knut Monsson var bjørnejeger, og det finst fleire jakthistorier etter han. Me tek inn ei av desse, slik Svein Hovden formidla henne vidare til Knut Hoslemo (Jansen og Berg 1991, 89 ff).

Bjørnejakt under Sæsnuten. Utsnitt av historisk akvarellkart av Egil Torin Næsheim i Hovden Fjellstoge.
Foto: Aanund Olsnes
Knut Monsson Breive og Sigbjørn Knutsson Hovden hadde vore på Nordlandet - til Suldal - etter mjøl om våren. Det var i mai månad, og bjørnen hadde kome or hiet. Då dei kom frampå brotet ved «Den runde nuten», så dei såg aust til Såtedalen og nordre Veringsvatnet, gådde dei ein merkeleg tram på snøen plent som der skulle ha stade ein stor

reinsdyrflokk. Det var tiltrakka ein rund ring på snøen. Men då dei ikkje kunne sjå nokor dyreslepe anten til eller ifrå tramen, visste dei ikkje kva det kunne vera.

Dei tok til å funda på kva dette kunne vera, og gjekk bort og ville sjå, endå om det vart ein lei krok på vegen. Men før dei kom heilt bortåt tramen, viste det seg at der hadde råkast tvo bjørnar. Den eine synte seg å ha vore ein stor rugg som hadde kome vestanfrå. Den andre var mindre og hadde kome austanfrå.

Dei hadde gjort nokre rundingar og nokre digre hopp hit og dit. Truleg hadde den vesle ikkje våga seg ikast med den store, men snudd om og rømt. Den store hadde sett etter, og nått veslen att. Og då veslen så skjøna at det var ikkje råd med å røma, hadde han lote prøva eit tak med den store skyldingen sin. Der hadde då den alvorsame og furdelege ota stade mellom dei tvo kjempone. Der synte svære spark og spøner i snøen kring tramen. Snøfillone hadde roke og fòke kring dei.

Karane stod og bisna og undra seg over denne tiltrakka slagmarki, og vart så vare ein flekk i tramen som var så fint og varsamt sletta og tiltrødd. Dei gjekk bortåt flekken og støyrde stavane nedi. Då kjende dei noko som tyktest liggja omlag ein fot under snøen. Just medan dei stod såleis og såg seg om og funda på dette, gådde dei bjørnen låg på ein stein eit stykke ifrå tramen. Han hadde truleg lote kvilt seg etter basketaket, og sett etter koss det ville gå med broren han hadde gravlagt under snøen. Då han høyrde og såg desse tvo karane kvakk han opp, hoppa av steinen, og stod og såg på dei ei stund.

Karane tykte dette var heller kaldt avdi dei ikkje hadde børsor. Dei tok til å skjelva i knei, og ynskte seg langt derifrå. Men så sette bjørnen avstad austetter framom Veggjene dei kallar, og snart var han komen or syni for dei. Dei tok då til å grava i snøen der dei hadde stunge stavane nedi, og fann så den vesle bjørnen steindaud. Men han var enno varm i skrotten, så det kunne ikkje vera lenge sidan slagsmålet hadde stade. Den høgre framfoten var avriven. Det synte fæle flengjor i skinnet etter klør og tenner av basketaket.

Dei flådde no bjørnen og tok fellen med seg til Breive, spila han og turka han godt. I juni same året reiste Knut med fellen til lensmannen og skulle få skotpengar for bjørnen. Lensmannen som då var heitte Sundsdahl. Knut gjekk inn til han, og spurde om han kunne få skotpengane for ein bjørnefell han hadde med.
- Ja, det kan du få, sa lensmannen. Men da dette er fogdens sak, kan du få pengene av ham. Han er nu her på tinget.

Så rusla Knut med fellen sin til futen.
- Eg ville høyre um eg kunna få skotpremien fy' ein bjønnefell, sa han då han kom inn til futen.
- Ja, det kan du få. Kom med han! sa futen.

Knut breidde fellen ut og la han fram for futen. Futen stod og såg på fellen ei stund, men så sa han:
- Men han mangler jo det ene forbenet. Hvorledes er det gått til? spurde han.
- Jau, sa Knut, me kom nettupp ive' Meienfjødde' og fekk sjå at de' ha' møtst tvo bjønnar som ha' kome i slagsmål. Denne ha' vorte drepen og fenge avriven høgre framfoten.
- Hm, det forandrer saken. Og så kommer du her og kræver mig efter skudpengene. Dem skulle jo broren havt som har dræbt ham. Nei, min gode mand, så dum er jeg da ikke, grøypte futen i, og sette seg bakover i lenestolen.

Ergeleg og harm måtte Knut fara heimatt utan skotpengar. Men han gav seg ikkje med det. Han tenkte ut ein ny plan, og ville gjera eit forsøk til. Neste vinter reiste han til byen etter eit kornlass. Då vegen gjekk framom der futen budde, tenkte han at han skulle taka bjørnefellen med. Som tenkt så gjort. Komen til futegarden tok han fellen og la inn til futen med han, breidde ut fellen framfor augo på futen, og spurde om han kunne få skotpremien for bjørnen.
- Men han mangler jo det ene forben. Hvordan er det gåt til? spurde futen, og stirde undrande på fellen.
- Jau, de' sko' eg seia deg, sa Knut. Me va' tvo stykke som gjekk ette' 'n. Me trefte 'n endeleg, og skamskaut 'n og elta ette' 'n te' svårte kvellen. Då me inkji tor'e halle på lenger den dagen, tenkte me de' laut våge seg te' neste dag, og so reiste me heimatte. Are dagen synte de' seg at bjønnen ha' dau'a straks me ha' snutt heim, og so ha' erven kome og skamete 'n.
- Ja, meget mulig! sa futen, og gjekk bort til skåpet og kom med ein 5 dalar til Knut.
- Eg tok imot peningane og vart gla' kan du vita. Der ha' eg då ei tunne konn, fortalde Knut Monsson.

Me veit ikkje visst kor lenge Knut og Else sat på bruket sitt, men då folketeljinga for 1891 vart oppteke, budde dei som bruksfolk i Hovden, Der nede, og der var dei framleis då dei båe døydde året etter. Olav og Margit, borna deira, var då tenestefolk hjå Olav Knutsson i Der sø. Der var dei framleis i 1900, men eit par år etter dette att tok dei ut til Amerika.

Når det gjeld Sigrid og Olav, har me berre det som går fram av familielista ovanfor, men om Margit har me fått vita noko meir. Den 25. juni 1906 hadde ho ei dotter, Else, til dåpen i St. Hilaire, Minnesota. Faren var ein danske som heitte Jens Bertilsen, og Torbjørn og Magnhild Breive var faddarar. Seinare same året eller tidleg året etter fekk Margit seg teneste på ein farm i Cloverleaf Township, Pennington County. Sumaren 1907 vart farmaren der enkemann, og 3 år seinare gifte Margit seg med han.

Johan Ludvig Olsen Ulvild, f 1871, dødsår ukj.

g 2. 1910 m Margit Knutsdtr. Breive, f 1876, dødsår ukj. Born:
  • Alida, f 1911, g m Jim Helgeland, barn:
  • Harvey Earnest, f 1913, ug
  • Mabel, f 1916, g m Ernest McKay, ikkje born
  • John, f 1918, g m Edith Joiner, born:
  • Marvin
  • Darlene
  • Faith
  • Carl, f 1921, ug
  • Kenneth, f 1923, ug

Johan Ulvild vaks opp på bruket Litj-Østgrunn i Verdal, foreldra hans var Ole Olsen Ulvilden og kona, Marit Ellingsdatter. Johan tok ut frå Trondhjem med emigrantskipet «Bravo» i 1891. Etter kvart skaffa han seg ein farm i Benton Township, Minnehaha County, Sør Dakota, og gifte seg der i 1899 med Nikoline Pedersdtr. Aspås (f 1876, d 1907). Det vart 5 born i det ekteskapet, men dei fell utanfor ramma for denne boka. I 1905 flutte familien til Cloverleaf Township, Pennington County, i det nordlege Minnesota, og skaffa seg ein ny farm der. Margit Breive tente hjå dei då Nikoline døydde i 1907, og vart framleis registrert som tenestejente då det vart oppteke folketeljing i byrjinga av 1910. Else Jensdotter, dotter åt Margit, vart i denne folketeljinga oppskrive som «boarder» (=leigebuar).

Seinare same året gifte Margit og Johan seg. Då den amerikanske folketeljinga for 1920 vart oppteke i byrjinga av februar det året, var dei framleis i Cloverleaf. Else Jensdotter vart då registrert som dotter åt Johan, så truleg adopterte han henne, då han gifte seg med mor hennes.

Else gifte seg seinare med ein Tor Sletto, og fekk borna Marson, Norma, Linda og Tordis. Me veit ikkje kvar Else og Tor budde, men trur helst det var einkvarstad i Kanada. Grunnen til at me torer gjeta på dette, er at Johan og Margit sumaren 1920 selde farmen i Minnesota, tok ut til Kanada, og skaffa seg ein ny farm nær byen Hagen i Saskatchewan, og at alle borna, så nær som ei av døtrene frå det fyrste ekteskapet åt Johan, fylgde med dit. Margit og Johan budde i Kanada livet ut, men me har ikkje fått greie på kor lenge dei livde. Men lat oss nå koma oss attende til Breive.

Trass i det som er fortalt nedanfor, ser det ut til at Knut Monsson framleis sto som formell eigar av Utistoga då han døydde, men i januar 1893 gjekk bruket under auksjonshamaren. Kauparen då var Olav Alvsson i Der Uppe, og tilslagsprisen var 800 kr. Etter dette kaupet åtte Olav heile det Utistoga som Mons Knutsson i si tid hadde sete med. Det me elles har å fortelje om han står i bolken om Der uppe, bnr 9, for han flutte aldri derifrå.

Sonen, som overtok eigedomen i 1903, budde i Der uppe til etter at utskiftinga av innmarka på garden var ferdig i 1913, men då sette han i gang med å byggje nytt tun på Flaten, og flutte etter kvart hit.

Torjus K. Stavenes (til venstre) og Knut O. Breive i kongens klede. Torjus var fødd i 1885, og dermed 8 år yngre enn Knut, og difor kan ein undrast på at dei var saman i det militære, men som biletet syner var dei altså det. Men det hjelper oss med å tidfeste biletet. Det må vera teke i 1905, då fleire årsklasser var mobilserte. Frå Vegestog-samlinga.
Else T. Breive, Sigrid K. Breive og Åshild K. Breive. Bilete frå ca 1918, hit frå Setesdalsmuseet.
Aksjonærmøte i reinsdyrsamlaget 1935. Dei tre fremste på trappa er framanfrå Svein Bjåen, Sjur Løyning og Kjetil Hovden. Bak frå venstre: Halvor O. Breive, Kjetil Glidbjørg, Olav K. Vatnedalen (Hoslemo), Sjur S. Vatnedalen, Bjørgulv K. Bjåen, Knut O. Breive, Bjørgulv K. Stavenes. Halvor K. Hovden. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden, Setesdalsmuseet.
Gjætarar for Breive reinsdyrsamlag ca 1920: Knut H. Jeiskeli, Lars Fjellner, Kristoffer Sveberg, Herjus K. Berg og Torbjørn K. Bjåen.

Knut Olsson Breive, f 1877, d 1949

g 1899 m Birgit Bjørgulvsdtr. Reini, f 1875, d 1962. Born:
  • Bjørgulv, f 1900 g 1945 m Gunhild Torleivsdtr. Haugen, sjå Haugly, gnr 2, bnr 21
  • Olav, f 1903, d 1986, ug, sjå nedanfor
  • Knut, f 1906, anleggsarb, d 1980, ug, sjå Bergland, gnr 2, bnr 18
  • Sigrid, f 17.4.1908, d 29.7.1996, husmor, g 1937 m Arne Lund, Stavanger, busett Stavanger, born:
  • Kåre Bjørn, f 1938, g m Frida Vinsrygg, sjå nedanfor
  • Birgit Concordia, f 1942, g hv m Ola Helgøy, busett Stavanger.
  • Else Margrethe, f 1944, g hv m Karl Zinke, busett Stavanger.
  • Anton Andreas, f 1948, g m Tora Antonie Bjørnevoll, sjå Malmvegen 24, gnr 2, bnr 352
  • Åshild, f 1911, d 1992, heimeverande, ug
  • Torjus, f 1913, d 1996, ug, sjå Moen, gnr 2, bnr 10
  • Ingebjørg, f 1915, d 1918
  • Dreng, f 1918, d 1993, ug, sjå Malmvegen 24, gnr 2, bnr 352
  • Harald, f 1920, d 1989, anleggsarb., ug

Birgit var frå Neire Reini i Mo, gnr 29, bnr 1, og dotter åt Bjørgulv Drengsson på det bruket og kona, Sigrid Torleivsdotter, fødd Lid (jfr. Mo bygdebok I, 437).

Me nemnde ovanfor at Knut bygde nytt tun på det nyarronderte Flaten etter utskiftinga. Han tok ned stoga i Der uppe, hadde henne på plass att her i 1915, og flutte hit same året. I Norges bebyggelse (149) les me vidare at han også hadde uthusbygningen ferdig i 1915, og sameleis både bur og eldhus. I 1922 bygde han på stoga, så ho fekk ei grunnflate på 80 m² i to fulle høgder.

I tillegg til gardsdrifta var Knut sterkt inne i tamreindrifta, og leiar i Byklehei Reinsamlag frå 1924 til 1938.

Knut og Birgit sat med bruket til 1947, då dei tok fodddog og overdrog det til den nest eldste av sønene.

Olav Knutsson Breive, f 1903, d 1986, ug

sb m Kari Haugen, Grungedal, f ca 1909, d 1973. Ikkje born .

Olav dreiv garden med hest, 4-5 kyr og nokre sauer til utpå 1970-talet. I 1994 overtok Kåre Bjørn Lund eigedomen. Han er son åt Sigrid Knutsdotter Breive og Arne Lund i Stavanger. Kåre Bjørn budde også i Stavanger, og arbeidde som styrmann, men då han vart pensjonist i 2001 flutte han og kona hans hit.

Kåre Bjørn Lund, f 1938

g m Frida Vinsrygg, f 1943. Born:
  • Kristin Beathe, f 1975, p.t. under utd. (2006), busett Stavanger, born:
  • Natalia Maria, f 1999
  • Bjørnar Knut, f 1979, p.t. under utd. (2006), busett Stavanger

Frida Vinsrygg Lund er frå Stryn, og dotter åt Borghild Vinsrygg.

Kåre og Frida er ikkje aktive gardbrukarar, men grannen Trygve Breive i Haugen syter for at høyavlinga på bruket vert hausta.


0941 Bykle komm.png Utistoga (Bykle gnr 1/6) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Eldhusåkeren • Neste bolk: Midbø