Moen (Bykle gnr 2/10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Moen
Hovden 44.jpg
Moen 18.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Utskilt: 1946
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 10
Type: Bustadseigedom

Moen er det fyrste huset på venstre sida av vegen etter vegkrysset mot Breive i Hovden sentrum. Tomta her vart matrikulert og utskilt frå bnr 2 for Torjus K. Breive i 1946. Han sette opp hus i 1953, og dreiv handel her frå det året.

Torjus var frå Flaten Breive, og son åt Knut Olavsson Breive og kona Birgit Bjørgulvsdotter, fødd Reini.

Torjus Knutsson Breive, f 1913, d 1996, ug

Den fyrste tida Torjus budde her hadde han butikk i kjellaren, sidan sette han opp ein kiosk på framsida av huset og handla der. Elles var han engasjert i tamreindrifta, og var den siste leiaren i A/S Byklehei Reinsamlag frå 1962 til det vart nedlagt i 1979.

I 1996 ervde Anne Lise Breive Skjævesland huset. Ho er dotter åt Bjørgulv, bror åt Torjus (sjå Haugly gjesteheim, bnr 21), og bur på Hokksund. Ho har huset til fritidsbustad, men leiger ut andre høgda.


0941 Bykle komm.png Moen (Bykle gnr 2/10) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Fritzmann-hytta • Neste bolk: Bergland