Malmvegen 24 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 24
Utskilt: 1979
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 352
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 24 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Denne heimen i den nedre delen av Stusslifeltet vart oppsett av I/S Øvre Otra i 1979. Kring 1985 selde kraftselskapet huset til Dreng Breive. Han var frå Flaten, Breive, og son åt Knut Olavsson på det bruket og kona Birgit Bjørgulvsdotter, fødd Reini.

Dreng Knutsson Breive, f 1918, d 1993

Dreng arbeidde som vaktmeister på Hovden høyfjellshotell. Etter at han var borte overtok systerson hans huset:

Anton Andreas Lund, f 1948

g m Tora Antonie Bjørnevoll, f 1949, ikkje born.

Anton er oppvaksen i Stavanger som son åt Arne Lund og Sigrid Knutsdotter Breive. Også ein bror av Anton er busett i Bykle, det er Kåre Bjørn Lund i Flaten, Breive. Tora er frå Helleland, og dotter åt Konrad Bjørnevoll og kona Ingebjørg Olava, fødd Holand. Tora og Anton kom til Hovden i 1991. Han driv drosjeforretning, medan ho er butikkmedarbeidar.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 24 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 23 • Neste bolk: Malmvegen 25

Koordinater: 59.55887° N 7.36261° Ø