Malmvegen 23 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 23
Utskilt: 1977
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 331
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 23 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Denne bustaden vart bygt i 1977 av Hvidsten, som var direktør ved Hovden høyfjellshotell mellom Schiørn og Bruun. Etter berre to år her selde han huset til Bykle kommune, som leigde det ut.

Me har ikkje kjennskap til alle leigebuarane her, men har fått vita om ein familie som budde her eit par år frå 1980:

Berit Fosse Hylland, f 1949, d 1984

g hv m Alf Birger Hylland, f 1940, busett Odda [2004]. Born:
  • Ruth Therese, f 1969, lærar, busett Kragerø [2004], g m Øystein Gravdahl, born:
  • Marius
  • Stein

Berit Fosse var frå Odda, og dotter åt Ruth og Ingolf Fosse. Berit og Odd dreiv Hovden Appartementshotell til 1982, då dei flutte til Hønefoss. Etter at Berit døydde i ein brann på Hønefoss i 1984, flutte dottera Vibeke attende til Hovden og budde hjå morsystera, Jane Kristin Fosse (sjå Belglii 32, bnr 440).

Sidan budde m.a. Greta og Alf Kristian Underhaug (sjå Tuftevegen 8, bnr 654) her ei tid. Dei som bur her nå kaupte huset hjå kommunen i 1999.

Vidar Johnsen, f 1968

g 1996 m Bente Widding Lien, f 1968. Born:
  • Magnus, f 1997
  • Åshild, f 1998
  • Erling, f 2001

Bente kom til Hovden i 1991. Ho er frå Kristiansand, og dotter åt Jørgen Lien og kona Magna Bergljot, fødd Widding. I yrkeslivet er Bente lærar ved Fjellgardane skule. Vidar er også frå Kristiansand. Han kom til Bykle eit par år etter Bente, er sjukepleiar av yrke, og son åt Asbjørn Johnsen og kona Astrid, fødd Sars.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 23 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 22 • Neste bolk: Malmvegen 24

Koordinater: 59.55896° N 7.36141° Ø