Tuftevegen 8 (Bykle)
Tuftevegen 8 | |
---|---|
Utskilt: | 1995 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 654 |
Type: | Bustadseigedom |
Tuftevegen 8 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av Rossbjørn og Randi Torvestad i 1995. Desse hadde tidlegare hatt eit anna hus på Hovden, Belglii 23, bnr 453, og me har presentert dei nærare i bolken om den heimen. Det andre opphaldet deira her varde til 1999, då dei flutte til Haugesund, og selde huset sitt her til Alf K. Underhaug, som er syskenbarn med Randi Torvestad.
- Alf Kristian Underhaug, f 1932
- g m Greta, f 1936. Born:
- Alf Gunnar, f 1965, busett Ulefoss, sjå Malmvegen 37, bnr 560
Alf Kristian var i utgangspunktet sjømann. Han arbeidde på Hovdestøylen hotell i åra 1984 til 1988, og dreiv sidan Shell-stasjonen på Hovden nokre år. I 2002 flutte han og Greta attende til heimbyen Haugesund, og selde huset her vidare til ho som bur her nå:
- Åsa Helene Horverak, f 1973, ug
Helene er frå Bygland, og dotter åt Reidun og Sigbjørn Horverak. Ho arbeider som kyrkjeverje i Bykle, og har hatt denne stillinga sidan 1999.
Tuftevegen 8 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Tuftevegen 6 • Neste bolk: Tuftevegen 10 |