Malmvegen 37 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 37
Utskilt: 1993
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 560
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 37 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart bygt av Alf Gunnar Underhaug og Maria Willems i 1996.

  • Alf Gunnar Underhaug, f 1965
sb hv m Maria Anita Willems, f 1965
Hennes born:
  • Nicholas, f 1986
  • Naomi Aurora, f 1988
Deira born:
  • Nadine, f 1994
  • Nama Maria, f 1996

Maria Willems er frå Oslo, og kom til Hovden med Nicholas og Naomi i 1992. I yrkeslivet dreiv ho firmaet Hovden rengjøringsservice. Alf Gunnar er oppvaksen i Haugesund som adoptivson åt Greta og Alf Underhaug (sjå Tuftevegen 8, bnr 654). Han arbeidde ei tid saman med Maria i reingjeringsfirmaet, men gjekk sidan over til å drive restauranten XO.

Alf Gunnar og Maria flutte til Ulefoss i 2002, og huset her vart då selt til dei som bur her nå (2006):

  • Tonje Elisabeth Nysted, f 1980
g m Ole Peder (Pelle) Gangeskar, f 1976. Born:
  • Vetle, f 2003

Tonje og Pelle flutte hit frå Røldal i 2002. Han er opphavleg frå Oslo, og son åt Svein Gangeskar og Mette Elfing. Ho er frå Risør, og dotter åt Tom Victor og Søs Nysted. Pelle arbeider i HovdenFerie, Tonje ved Hovden VGS.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 37 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 36 • Neste bolk: Malmvegen 39

Koordinater: 59.55778° N 7.36495° Ø