Malmvegen 39 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 39
Utskilt: 1994
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 639
Type: Bustadseigedom
Postnummer: 4755

Malmvegen 39 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppført av Solbjørg Nordjordet og den dåverande ektemaken hennes i 1995:

g hv m Per Martin Gundersen, f 1960, born, sjå Malmvegen 35.

Solbjørg og Per Martin skilde lag ein gong mellom 1995 og 1998. Han flutte or bygda, og har nå (haust 2004) adresse Singapore, medan ho og borna framleis bur på Hovden, i Malmvegen 35, og vert nærare presenterte der. Huset her vart selt til Jon Toralf «Tusse» Kjetså, som i sin tur selde det vidare til Inge Josefsen i 2001.

  • Inge Josefsen, f 1945
g 1. m Britt Solveig Walsøe, f 1949, busett Bergen, born:
g 2. m Ingrid Helle, sjå Blesterkroken 7, bnr 344. Born:
g 3 m Neli Angelova, f 1956, ikkje born.

Inge kjem frå Nordkapp, og foreldra hans heitte Peder og Elly Josefsen. Han har budd på Hovden sidan 1977. I 1984 kaupte han firmaet Hovden Varesenter saman med ekskona, Ingrid Helle. Han eig framleis (2004) halvparten av den forretninga, som nå heiter ICA Hovden, og arbeider der i 50 pst stilling. Neli kjem frå Bulgaria, og er dotter åt Nadejda og Angel Zakharov. Ho er butikkmedarbeidar på ICA.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 39 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 37 • Neste bolk: Malmvegen 40

Koordinater: 59.55754° N 7.36527° Ø