Belglii 23 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 23
Utskilt: 1984
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Type: Bustadseigedom

Belglii 23 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Huset her vart oppført av Rossbjørn og Randi Torvestad i 1984/85.

  • Rossbjørn Torvestad, f 1937
g m Randi Pedersen, f 1935. Born:
  • Ståle, f 1957, dagleg leiar, maskinforretning, busett Karmøy, g m Marianne, born:
  • Vibeke
  • Hilde Marie
  • Line
  • Maren
  • Anne Grete, f 1959, barnehageass., busett Karmøy, g m Leif Sverre Leknes, born:
  • Petter
  • Trude
  • Håkon Steen, f 1964, røyrleggjar, driftsleiar VGS, busett Karmøy, g m Hildur, ikkje born.

Rossbjørn er frå Karmøy, og son åt Herdis og Sverre Torvestad. Randi er frå Haugesund og dotter åt Aslaug og Fritjof Pedersen. Dei flutte til Hovden i 1983, då han vart vaktmeister og ho stuepike på Hovdestøylen hotell. Sonen Håkon Steen var også vaktmeister på Hovdestøylen, det var i perioden 1985-89.

Frå 1986 arbeidde Rossbjørn i Hovden hytteformidling, medan Randi framleis var på Hovdestøylen. I 1988 flutte dei attende til Karmøy. Huset sitt her selde dei då til Bykle kommune. Men dei lengta oppatt til Hovden, flutte hit på nytt lag i 1992, og bygde seg eit nytt hus i Austmannlii i 1995 (Tuftevegen 8, bnr 654). I perioden 1992 til 1998 arbeidde Rossbjørn i Dansommer på Hovden, medan Randi vende attende til Hovdestøylen. I 1999 flutte dei til Haugesund.

Huset her var som nemnt i eiga til Bykle kommune frå 1988. I 2001 selde kommunen til dei som bur her nå (2006).

Tommy Bjønnes. Bilete frå kommunearkivet.
  • Tommy Tore Bjønnes, f 1955
g m Randi Steinsholt, f 1958. Born:
  • Trym Kristian, f 1981, p t (2004) under utdaning
  • Ingrid Sønnei, f 1985, p t (2004) under utdaning

Tommy og Randi har vore innom i Bykle fleire gongar, men flutte hit for å verta verande i 1987. Han er frå Siljan og son åt Reidun og Bjarne Bjønnes, medan ho er frå Sandefjord og dotter åt Oddbjørg og Arne Kristoffer Steinsholt. I yrkeslivet er Randi psykiatrisk sjukepleier. Tommy er ingeniør, og driv konsulentfirma i bygg- og anleggsbransjen.


0941 Bykle komm.png Belglii 23 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 21 • Neste bolk: Belglii 24

Koordinater: 59.55993° N 7.3603° Ø