Christian Horne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Christian Horne
Foto: Ukjent.

Christian Antonsen Horne (fødd i Romedal, nå Stange kommune, 20. oktober 1838, død same stad 26. oktober 1912) var agronom og gardbrukar, folkehøgskule- og landbruksskulelærar og Venstre-politikar. Han var med Christopher Bruun og starta folkehøgskule på Romundgard i Sel i 1867. Horne var mellom anna ordførar i Vågå og varamann til Stortinget for Kristians amt.

Marit Horne, fødd Romundgard, frå Blessom i Vågå.
Foto: Ukjent.

Horne var fødd og oppvaksen på garden Horne i Romedal. Foreldra var gardbrukarparet Anton Hansen Horne (1804-1860) og Helene Halvorsdotter frå Grimset i Løten (1810-1853). Christian var nummer tre av ein syskenflokk på åtte.

Horne var fyrst gift med Karen Marie Gløersen, men ho døydde same året som dei gifta seg, i 1862. Ho var dotter til prost Christian August Gløersen og hustru Marie Randers.

I 1870 gifta han seg på nytt med Marit Paulsdotter Romundgard frå Blessom i Vågå (1851-1950).

Christian og Marit Horne fekk fem born:

  1. Åsmund (1873-1934), oberst, gardbrukar på Horne 1919-1934.
  2. Thor (1876-1901)
  3. Helga Marie (1880-1885)
  4. Harald (1884-1957), cand.jur., gardbruker på Horne 1934-1957
  5. Helga Marie (fødd 1887) lektor ved Aars og Voss skole

Christian Horne hadde utdanning frå Jønsberg landbruksskole (1859).

Det var som lærar på folkehøgskulen i Sel frå 1867 at Horne vart kjend med Marit Paulsdotter Romundgaard, som han altså gifta seg med få år etterpå. Også syster til Horne, Lina, var lærar ved det fyrste kullet ved skulen.

I åra 1871-1873 var Horne lærar på Jønsberg.

I 1875 kjøpte han og kona Nordigard Blessom av far hennar. På Blessom innførte Horne nye metodar (til dømes kunsteng) og moderne landbruksreiskapar, så som hesterive, høyvogn og nye plogtypar. Han hadde treskeverk drive med vasskraft frå grova Nugga. Same vasskrafta vart nytta til sag, kvern og beinstampe. Ved eit sagbruk i Randsverk installerte han den fyrste sirkelsaga i bygda.

Horne heldt skule på garden for interesserte bygdegutar, med vekt på landbruksfag. Blant elevane var Ivar Kleiven.

I Vågå vart Horne også engasjert i politikken, for Venstre. Han var ordførar i Vågå 1884-1886, og hadde fleire andre tillitsverv. Han møtte som varamann til Stortinget frå Kristians amt i 1883.

I 1887 flytta familien attende til Romedal, der Horne hadde kjøpt garden Vestre Gollersrud, som dei dreiv i 10 år. Da selde dei garden og bygde seg heimen Grimset, der dei budde så lenge Horne levde. Blessom i Vågå beheldt dei til i 1909.

Kjelder

  • Morthoff, Bjarne: Romedalboka : garder og slekter. Bd. 1. Utg. Bygdebokkomitéen for Romedal. 1967. Digital utgaveNettbiblioteket
  • Nekrolog i Dagens Nyt 29.10.1912
  • Nekrolog i Gudbrandsdølen 29.10.1912

Eksterne lenkjer