Eivind Torkjelson Lande

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Eivind Lande malte denne ølbollen i 1809.
Foto: Haakon Michael Harriss / Norsk Folkemuseum
Bautaen på Årdal kyrkje sin kyrkjegard vart avduka 17. mai 1914.
Foto: Siri Johannessen (2017).

Eivind Torkjelson Lande (fødd 1758 i Bygland, død 9. mai 1833 same stad) var gardbrukar og eidsvollsmann.

Eivind Torkjelson vart fødd på Åsen i Bygland i Setesdal. Han vart døypt i Årdal kyrkje den 1. januar 1759[1], og konfirmert i same kyrkje i 1775[2]. Det var små kår på Åsen, og Eivind måtte tidleg jobbe for føda. Han vart gjetar på Skreland i Bygland. Etter konfirmasjonen reiste han ut av bygda, og jobba mellom anna i Telemark. Han var med på slåtten i Heddal og Åmotsdal og på vintrene skipsbygging i Skien.

I 1788 vart han trulova og gift med Gyro Torsdotter Lande[3]. Det var ikkje lett for dei å få gifte seg, for Tor Lande ville ikkje ha ein frå så små kår til verson. Historie om Eivinds friarferd er bevart i nokre stev, som ender med at Tor måtte la dei gifte seg.[4] Dei busatte seg på Neset, som Gyro ervde. Der budde dei i 1801 med dei to eldste sonane[5]. Seinare tok dei over Øvre Lande. Paret fekk sju born. To av dei døydde tidleg. Andre stifta sjølv familie, og det er ei stor etterslekt etter Eivind og Gyro. Mange av etterkommarane bur i Bygland.

I 1814 vart Eivind Lande fyrst vald som valmann for Bygland. I amtsvalet vart han vald som andre representant til riksforsamlinga. Han reknast med til Unionspartiet, men er ikkje heilt liketil å plassere. Eivind Lande var bland dei mest aktive av bonderepresentantane. Han arbeidde saman med Theis Lundegaard for å sikre at bøndene fekk ein så stor part som mogleg av stortingsrepresentantane, og han skreiv saman med andre bonderepresentantar på Riksforsamlinga eit godt innlegg om odels- og åseteretten. Kravet var at odels- og åseteretten skulle førast attende til slik han var føre lovendringa i 1811.

Eivind Lande vart vald til andre varamann til Stortinget i 1818, og fyrste varamann i 1821. I bygda var han óg kjend som ein god smed og spelemann. Han skal ha spelt i omkring 70 bryllaup. Han var óg den første tømmermerkaren i Setesdal, og kjøpte tømmer for Ola Clausen Mørch, som også var eidsvollsmann. Eivind Lande var óg ein dugeleg rosemålar, og sonen Tor Eivindsson Lande vidareførte denne tradisjonen. Norsk Folkemuseum har ølboller måla av både far og son.

Eivind Lande døydde på Lande den 9. mai 1833, og vart gravlagd frå Årdal kyrkje den 17. mai[6]. I kyrkjeboka er det skrive ned at han var eidsvollsmann. Sonen Tor Eivindson Lande tok over Øvre Lande.

17. mai 1914 vart bautaen ved grava hans på Årdal kyrkjegard avduka.

Referansar

  1. Aust-Agder fylke, Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1725-1766), Fødte og døpte 1759, uten sidenr
  2. Aust-Agder fylke, Bygland, Ministerialbok nr. A 2 (1766-1816), Konfirmerte 1775, side 153
  3. Aust-Agder fylke, Bygland, Ministerialbok nr. A 2 (1766-1816), Ekteviede 1788, side 165
  4. Steva er attgjeve i Bygland, 1914 s. 71.
  5. Even Torkelsen i folketelling 1801 for Bygland prestegjeld fra Digitalarkivet
  6. Bygland, Ministerialbok nr. A 3 (1816-1841), Døde og begravede 1833, side 227-228

Kjelder

Eksterne lenkjer