Elling Eielsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Elling Eielsen.
Foto: Faksimile frå *Mørstad: Elling Eielsen og den "Evangelisk-lutherske Kirke" i Amerika (1917)

Elling Eielsen (19 september 1804 – 10 januar 1883) var skulemann, prest og grunnleggar av Den evangelisk-lutherske kirke i Amerika ("Eielsen-synoden"). Han hadde bakgrunn i haugianismen, og frå 1832 virka han som predikant i Noreg, Sverige og Danmark, seinare også i USA.

Oppvekst

Eielsen var fødd på Vossestrand (no Voss) i Hordaland. Foreldra var Eiel Ingebrigtsen Sundve og Anna Ellingsdatter Sundsvaal, familien budde på garden Sundve. Heimen var prega av det haugianske livssynet.

Utdanning i Bergen

Elling Eilesen fekk lite teoretisk opplæring. I 1829 reiste han til Bergen, og fekk opplæring som smed og snikkar. Seinare verva han seg som soldat.

Til Amerika

Sommaren 1839 emigrerte Eielsen til Amerika. Han reiste først til Illinois, og heldt møte for nordmenn i Chicago. For å møta ynsket frå norske utvandrarar om å få foretta kyrkjelege sermoniar etter mønster frå gamlelandet, let Eielsen seg via til prest i oktober 1843. Han vart med dette den første til å tilby presteteneste for nordmenn i Amerika.

Den evangelisk-lutherske kirke i Amerika

Elling Eielsen grunnla Den evangelisk-lutherske kirke i Amerika i april 1846. Dette er den eldste norske lutherske kyrkjeorganisasjonen i Nord-Amerika. Kyrkjesamfunnet vart lagt opp etter mønster frå dei haugianske vennesamfunna i Noreg. I 1876 meldte Eielsen seg ut, i protest mot blant anna endringar i grunnreglane. Saman med nokre andre prestar og enkelte av kyrkjelydane danna han så eit eige kyrkjesamfunn.

Kjelder