Enevold Steenblock Høyum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
E.S.Høyum. Kunstnar ukjent.
Enevold Steenblock Høyum (fødd i Heddal eller Sauherad 15. mai 1775, død i Holla i nåverande Nome kommune 24. januar 1830), var offiser, gardbrukar og eidsvollsmann.

Familie

Fødestaden er hjå Olai Ovenstad oppgjeve til Heddal (nåverande Notodden kommune), hjå Halvdan Koht Sauherad. Foreldra overtok garden Haug i Sauherad fyrst da Enevold var seks år gammal, men kan ha budd der før det.[1] Enevold var son av løytnant, seinare oberst, Peter Nicolai Høyum (ca. 1740-1822) og Marthe Francisca Enevoldsdotter Steenbloch (1743-18?). Enevold var eldst og einaste gut av seks sysken.

Enevold Høyum gifta seg i Holla 3. juli 1810 med Edel Maria Thornsohn (døypt i Holla 11. april 1778, død same stad 12. august 1861). Ho var dotter til fut i Nedre Telemark Samuel Thornsohn og Sophie Christence Rougtved. Same år som giftarmålet fann stad, kjøpte Høyum garden Søve av svigermora, og ekteparet budde der livet ut. Dei fekk seks born. Tre av dei døydde som små. Eldste son Samuel Thornsohn døydde som 15-åring, Hans Severin døydde som sjømann 19 år gammal. Berre dottera Nikoline Mathilde Marie overlevde foreldra og overtok Søve og stifta familie.

Militær karriere

Enevold Høyum vart offiser (fenrik) ved Telemarkske regiment frå 1794. Da hadde han allereie i fleire år vore i militær teneste med underoffisers grad. I detalj var den offiserskarrieren som følgjer:

  • 1794: Fenrik a la suite (i påvente av stilling) ved Telemarkske infanteriregiment.
  • 1799: Verkeleg fenrik ved regimentets 1. gevorbne grenaderkompani 12.4.1799.
  • 1799: Sekondløytnant ved Nedre Telemarkske kompani 13.12.1799.
  • 1800: Forflytta til 2. grenaderkompani, men seinare på året premierløytnant ved 1. Telemarkske kompani.
  • 1802: Til Nedeneske kompani.
  • 1804: Til Hitterdalske kompani.
  • 1809: Til 2. tjenestegjørende grenaderkompani, 18.7.1809.
  • 1809: Kaptein og sjef for 1. Vestfjeldske kompani 14.12.1809.
  • 1814: Sjef for regimentets depotavdeling i Drammen.
  • 1818: Permittert med vartpengar ved hærreduksjonen det året.
Kaptein Enevold Steenbloch Brandt Høyum.
Foto: Ytterbø, S., Holla: historisk skildring av bygda og dens utvikling: gårds- og slektshistorie, Oslo, 1925.

Eidsvoll 1814

Høyum vart vald som representant for Telemarkske infanteriregiment ved Riksforsamlinga på Eidsvoll. Der slutta han seg til Falsen Sjølvstendepartiet, men gjorde seg ikkje så mykje gjeldande i debattane. Henrik Wergeland skriv følgjande om han at han var «Falsensk i Forsamlingen, men udenfor i Samtaler med Modpartiet mindre krigersk. Man fik saaledes af ham at vide, at de militære havde værre end de andre Repræsentanter ved at være oprigtige i det Punkt»[2] - korleis nå dette skal tolkast.

Referansar

  1. Kirkeby, B. 1985:326.
  2. Her referert frå Ytterbøe, S. 1925:325.

Kjelder og litteratur

  • Bjønnes, Anders m.fl. (redaktører): Eidsvollsmennene – Hvem var de?, Norsk Slektshistorisk Forening, Oslo 2014, med biografi, slekt, underskrift, bilde og beskrivelse av hans segl på Grunnloven 17. mai 1814
  • Fure, Eli: Eidsvoll 1814. Hvordan grunnloven ble til. Dreyer 1989.
  • Holme, Jørn (red.): De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus, Cappelen Damm 2014
  • Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad. Gards- og ættesoge, bd. III. Sauherad kommune 1985.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Høyum i Norsk biografisk leksikon 1934.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd I. Oslo 1948.
  • Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.
  • Ytterbøe, S.: Holla. Historisk skildring av bygda og dens utvikling. Gårds- og slektshistorie. Oslo 1925.
  • Enevold Steenblock Høyum i Historisk befolkningsregister.