Fyresdal Bygdemuseum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fyresdal Bygdemuseum ligg i Øyskogen midt i sentrum av bygda og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag.

Allment

Fyresdal Bygdemuseum vart skipa 9.mars 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Det var på eit årsmøte i Fyresdals Vel at ein gjorde framlegg om å sette ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum. Til å byrje med hadde ein samlingane i lærarbustaden på gamle Gimle skule og noko seinare på stabburet på Moland prestegard. På garden Borgjæ Gnr.6 i Borggrend fekk ein så tilbod om to hus, eit stabbur og ei sers gamal årestove med grovt tømmer. På eit bilete teke av Bendik Taraldlien ser vi bygningane på opphavleg plass. Der var då eit tilbygg av nyare tømmer slik at ein ikkje ser sjølve bygningen på dette fotoet.

Bygningane vart flytta til noverande stad i 1914/1915, og ligg vakkert til i Øyskogen i Fyresdal sentrum.

I hundrevis av år har Øyskogen vore heilag grunn, og her finn me eit av Noregs vakraste gravfelt frå folkevandringstida. Etter kvart kom det fleire bygningar i dette tunet, som gjev glimt frå den eldste historia til Fyresdal. Bjørnstadstoga frå 1600-talet vart bruka som tingstoge. Fyresdal Bygdemuseum vart ein del av det konsolidera Vest-Telemark museum i 2003.

Omvisingar for grupper er mogleg og kan tingast frå turistinformasjonen i Fyresdal eller ved å kontakte Vest-Telemark Museum.

Øyskogen er og ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin 1000-års stad. Presten Iver Andreas Teisner var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen i den tida, og fekk ein stor bauta sentralt i området.


Bygningsmasse høyrande til Fyresdal Bygdemuseum

  • Utstillingsbygg reist 1961 med ei mengde interessante og verdfulle gjenstandar, kvar med si soge og gjeve av stolte fyresdølar.
  • I museumsparken Øyskogen er det  11 ulike bygningar som gjev eit fullverdig bilete av eit gardstun i Fyresdal på 1800 talet. Der er og eit scenebygg oppført 1984.
  • Bakeriet, Fyresdal Handelslag sitt bakeri, overteke 1990. Der er bakeri med elektrisk omn som tilfredsstiller alle dagens krav til bruk. Husvære for bakar i andre høgda.
  • Innlandsbåten Teisner, tidlegare D/S Fyresdal, fekk museet som gåve 1990. Båten er bygd ved Akers Mekaniske Verkstad 1874 og sjøsatt i Fyresdal 1876. Båten er landsatt nær brygga, skroget er solid overbygd og ei rekke gjenstandar stilla ut i utstillingsbygget medan ein vonar på fullverdig restaurering av båten.
  • Her er og stamma til ei kjempefuru, Kalstovikfurua frå Kalståvik Heistykke Gnr. 65/5 ved vestre enden av Øysævatn. Stamma er på nær 7,5 m3. Furua vart freda 1917, fall etter kvart over ende og vart frakta til Øyskogen1972 der den ligg trygt med godt tak.

Galleri

Kjelder og litteratur

  • Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Aune, Anne: Tre fotografar i Fyresdal 1900-1940. Brosjyre laga til ei utstilling ved Fyresdal bygdemuseum 2004. (Utstillinga var på Øystad.)

Eksterne lenker