Karl Jensson Skonk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Karl Jensson Skonk (fødd 1460 i Jemtland, død 1512 i Oslo) var biskop av Hamar og riksråd. Han vart fengsla etter bondeopprøret 1507/1508, og døydde i samband med at han skulle overførast frå Båhus festning til erkebiskop Erik Valkendorf i Trondheim.

Han var søn av Jens Karlsson (død omkr. 1480). Vi veit ikkje sikkert kven mora var, men ho kan ha vore ei dotter av Torstein Skjeldulfsson på Kungsnäs i Jemtland. Han vart fødd i Hackås i Jemtland og tilhøyrde adelsslekta Skåncke - som vart fornorska til Skonk.

I midten av 1480-åra studerte han i Rostock og Greifswald. Han vert omtala som mester, så han hadde truleg ein magistergrad. I 1492 vert han første gongen nemnd som kannik i Hamar, og på same tida som sokneprest på Toten. I 1500 vert han omtala som officialis, altså domar i den kyrkjelege domstolen (tribunalet). I 1502 vart han medlem av Riksrådet, og i 1504 vart han vald til biskop. I Hamarkrøniken er dateringa annleis. Der står det at han var biskop til 1507, og at Herman Trulsson så tok over og satt til 1513. Andre kjelder tyder på at dette ikkje kan vere rett, alt tyder på at han vart vald i 1504, og vi veit at han framleis var biskop av Hamar, om enn ikkje i funksjon, då han døydde i 1512.

I 1506 vart hertug Christian utnemnd til visekonge i Noreg. Kong Hans si stilling i Sverige og Noreg var svekka av fleire opprør, og særleg var det skattene som skapte uro. Christian svekka den norske adelen, sette inn danske lensherrar og freista å minske kyrkja sin makt. I 1507 starta eit opprør på Hedmarken, som spreidde seg til andre deler av Austlandet. På nyåret 1508 vart opprøret slått ned av hertug Christian. Ifølgje Christian hadde nokre av fangane fortald at det var biskop Karl som sto bak opprøret, saman med den svenske riksforstandaren Sten Sture. Vi veit ikkje om det er tilfelle eller ikkje. Det kan vere rein løgn, det kan vere opplysningar han fekk ved bruk av tortur, eller det kan vere sanninga.

Hertugen kalte inn biskop Karl til eit landsting i Sarpsborg rundt kyndelsmesse i 1508. Biskopen sa han skulle kome, men viste seg ikkje. Christian drog da til Hamar med 500 mann for å pågripe han, Han vart sett i husarrest i Oslo bispeborg, og sveinane hans vart sendt til Akershus festning. Etter ei tid vart biskop Karl så ført til Båhus festning, så ingen geistlige ville ta ansvaret for han. Det var nemlig eit brot på kyrkjeretten å arrestere biskopen på så svake grunnar. Dette førte ikkje berre til ekskommunikasjon for hertugen, men òg for interdikt for staden der han satt fengsla. På ein stad som er under interdikt kan ein ikkje utføre kyrkjelege handlingar, med unntak av det mest naudsynte, så til dømes ville ingen kunne gifte seg i Oslo om han hadde vorte sittande der.

I 1508 skal han han prøvd å flykte, men det lyktes ikkje. Heile tida medan han satt på Båhus pågjekk det ein kyrkjerettsleg prosess. Christian meinte at han hadde gode grunnar for å fengsle biskopen, og han fekk støtte frå kong Hans. Kyrkja såg det heile som eit ledd i Christian sin kampanje for å svekke kyrkja. Hertugen framstilte biskop Karl som ein opprørar mot kongemakta, og til slutt fekk han aksept for dette i Roma. I brevet frå den pavelege nuntius til Norden, der han i 1512 oppheva ekskommunikasjonen, vert det sagt direkte at sjølv om straffa vart oppheva, hadde hertugen sjølv sett seg i den vanskelege situasjonen.[1] Ein kan tolke det som at kyrkja til slutt, for å få ein ende på problema, valde å akseptere Christian sin forklaring – men at dei samstundes sa at slikt skal ein vere særs varsam med å gjere.

Var så biskop Karl Jensson ein opprørar? Det kan vi ikkje vite sikkert. Vi har berre hertug Christian sitt ord for at han var det, og det er langt frå å vere ein sikker kjelde. Det finst ikkje samtidige dokument som kan knytte biskopen til opprørarane. Det vi veit er at det var eit grunnlag for å mistenke Karl. Han var frå ein adelsslekt frå Jemtland, det vil seie norsk adel (Jemtland var norsk til 1645) med sterke band til Sverige. For kong Hans og hertug Christian var dette ein hovudfiende, og dei søkte nettopp å minske makta til den norske og svenske adelen. Rundt 1450 hadde biskop Karl sin onkel, Örjan Karlsson, vore ein av Karl Knutsson Bonde sine fremste menn i kampen mot Christian I. Han kan òg ha hatt band på morssida til slekta Tre Roser, som opprøraren Knut Alvsson (død 1502) tilhørte. Såleis var biskop Karl ein del av det ein i dag ville kalle ein risikogruppe, og det var naturleg for Christian å gå etter han.

Referansar

  1. DN VII, nr. 531.

Litteratur