Olav Knutsson Tveiten

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ole Knudsen Tvedten»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bauta over Olav Knutsson Tveiten ved Valle kyrkje.
Foto: Siri Johannessen (2014)
Bygdefolket møtte manns- og kvinnesterke fram då bautaen vart avduka i 1909.
Foto: Anna Lund (17. mai 1909)

Olav Knutsson Tveiten (født 1758 i Valle, død 5. oktober 1837 same stad) var bonde, lensmann og eidsvollsmann.

Han var son av bonde Knut Olsson Tveiten og kone Sigrid Bjørnsdotter Harstad. I 1783 gifta han seg med Gyro Gunnulvsdotter Kvæstad, som var dotter av lensmann Gunnulv Knutsson Kvæstad. Paret fekk sju born. Ho døydde i 1822, og Olav gifta seg i 1824 med Margit Olsdotter Harstad. Ho var ei kusine av den fyrste kona. Med henne fekk han fem born.

Olav Knutsson vaks opp på Nordigard Tveiti i Valle. I 1776 vart han omgongsskulelærar, noko han var fram til 1785. Året etter tok han over etter svigerfaren som lensmann, eit embete han hadde til kort før sin død. I 1788 tok han over garden frå faren. Han dreiv også som driftekar og handelsmann, og han selde kjøt og smør i byen. Han var godt likt i bygda, men var kjent for å like sterk drykk. Mange av historiene som går om han i Setesdal handlar om hans styrke og temperament. Som lensmann var han rettsinding, og han hjalp folk som var i nød. På garden hans fekk gjester god oppvarting, og til og med dei årvisse fantefølgjene var velkomne der.

Under eit barsølsgjestebod på garden Brokke i 1797 gjekk det galt for Olav Knutsson. Han hadde drukke ein god del, og kom i krangel med Torjus Rysstad. På natta skal dei ha møtt kvarandre då lensmannen måtte ut og late vatnet, og dei byrja å slåst i forstoga. Kona til Olav Knutsson fekk skilt dei to. Det verke fyrst ikkje som om det var så dramatisk. Olav viste fram ei hårtust han hadde rive av Torjus, og dei hadde nokre flenger i klærne. Men det viste seg at Torjus hadde fått hard medfart. Han vart boren inn i gamlestoga, og etter ei tid vart han flytta over i nyestoga der det var varmare. Etter eit par døger døydde han av skadane. Tingretten kom til at Olav hadde handla i naudverje, men han hadde gått lenger enn det som var naudsynt. Han vart difor dømd for vådesdrap (aktlaust drap), og måtte bøte 20 riksdalar og sakskostnadene. Saka gjekk til Høgsterett, og der vart Olav Knutsson frikjend. Han fekk behalde lensmannsembetet, men han skal aldri ha vorte den same etter denne tragedien.

Ei historie som ikkje er dokumentert forteljer at då sorenskrivaren ein gong kritiserte maten på Nordigard spurde Olav han kor mykje eit «nevehogg» kosta. Sorenskrivaren sa at bota var ti dalar, og historie fortel at Olav la pengane på bordet og gav skrivaren ein under øret. Han skal også ha lappa til futen ein gong. Futen skulda folket på Nordigard for å ha stole ti dalar frå han, men Olav fann setelen mellom nokre dokument. Slike vandresagn er det mange av i Setesdal, og ein kan ikkje vite kva som er sant og kva som er samanblanding eller fantasi, men dei stemmer nok godt med Olavs temperament. Ein veit at han ein god vart suspendert og sett under tiltale for å ha uttalt seg så nedsettande om ein dom at sorenskrivaren fann det injurierande. Den saken endte med forlik.

Ved valet til Riksforsamlinga i Valle prestegjeld vart Olav Knutsson ein av valmennene. Han vart på amtsforsamlinga vald til tredje representant frå amtet. Råbyggelagets amt var eitt av to amt i landet som valde to bønder; den andre var Eivind Torkjelson Lande frå Bygland. Under forhandlingane gjorde han ikkje så mykje ut av seg, men han var ein av dei fyrste som skreiv under på eit opprop for odelsretten. Han røysta med sjølvstendepartiet. Unionspartiet skulda sjølvstendepartiet for å traktere bøndene for å vinne deira støtte, og Olav Knutsson skal ha fått del i dette. Under behandlinga av rang og ordenar sovna han, og måtte vekkast før avrøystinga. Han skal da høgt og tydeleg ha spurt Falsen kva han røysta for, og så gjort det same. Han var del av gruppa som melde frå til Christian Frederik om kongevalet, noko som var eit ærefullt oppdrag. Kongen skal ha likt hans direkte tale, og gav lensmannen ein gullring og eit gullur, og lova han føderåd for borna om han skulle trenge det. Johannes Skar fortel at dette skal ha vorte innfridd av Stortinget sidan kongen hadde lova det.

Heime i Setesdal engasjerte ikkje Olav Knutsson seg meir i politikk. Han var lensmann fram til våren 1837, da sonen tok over.

Valle kyrkjegard står sidan 1909 ein bauta til minne om Olav Tveiten, med minneorda «Bonden skal ha sin odel». Tunet på garden hans, Tveitetunet, er bevart, og er no ein del av Setesdalsmuseet.

Galleri

Kjelder

Eksterne lenker