Val til Riksforsamlinga 1814 i Råbyggelaget
Valet til Riksforsamlinga 1814 i Råbyggelaget vart gjennomført på garden Lauvdal i Bygland kommune den 23. mars 1814. Det ble leia av stiftamtmann Oluf Borch Schouboe.
Adressa frå amtet fortel kven som møtte for dei ulike sokna. Medan valordninga eigentleg var såleis at kvart prestegjeld skulle velje to representantar, vart det i Råbyggelag amt vald to frå kvart sokn. Dette heng nok saman med at det berre var seks prestegjeld i amtet, så dei ville fått ei forsamling på bare tolv mann om dei ikkje hadde gjort det slik. Noko anna som er særskild for Råbyggelag er at det var eitt av berre to amt valde meir enn ein bonde. Det andre var Mandals amt, som valde tre bønder.
Valmennene som møtte var:
- Valle sokn: Lensmann Ole Knudsen Tvedten og bonde Knud Knudsen Quasager
- Bykle sokn: Bonde Salomon Snæresen Tveten og bonde Halvor Aanonsen Tvedten
- Hylestad sokn: Gunder Halvorsen Hougen og Knud Terjesen Strømme
- Bygland sokn: Ole Grundesen Skjerverak og Tarje Jørgensen Houge
- Austad sokn: Daniel Olsen Ose (feilskrift for Daniel Evensen Ose) og Grunde Olsen Oustad
- Sandnes sokn: Osow Knudsen Sannæss og Torgrim Olsen Rossevold
- Årdal sokn: Even Torkilsen Lande og Gunsteen Grundesen Frøirak
- Evje sokn: Sorenskriver Andreas Kiørboe og lensmann Ole Thronsen Kleveland
- Hornnes sokn: Notto Nottosen Hordnæss og Fredrik Olsen Tønnesland
- Iveland sokn: Lensmann Knud Olsen Soelberg og Thomas Salvesen Mølland
- Vegusdal sokn: Iver Johnsen Skaare og Christen Nielsen Belland
- Åseral sokn: Aanon Olsen Østergaarden og Svend Gunnussen Røiland (møtte for Ole Aslachsen Hodne, som var sjuk)
- Åmli sokn: Svend Johnsen Tved og Svend Olsen Eppetved
- Mykland sokn: Ole Knudsen Huushof of Tolf Gundersen Hillestad
- Jevedal sokn: Tellef Olsen Oland og Terje Gundersen Omland
- Herefoss sokn: Sorenskriver Thomas Bryn og lensmann Gunder Knudsen Retterstøl
Dei som vart valde frå amtet var:
- Sorenskriveren for østre Råbøigdelagets Sorenskriverie, herr Thomas Bryn (23 stemmer)
- Bonden Even Torkilsen Lande (19 stemmer)
- Lendsmand Ole Knudsen Tvedten (15 stemmer)
Adressa er signert av valmennene og stiftamtmannen.
Kjelder
- Riksforsamlingens forhandlinger. 2 : Adresser og fuldmagter. Grøndahl & Søns Boktrykkeri. Kristiania. 1914. Digital versjon på Nettbiblioteket