Val til Riksforsamlinga 1814 i Valle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bauta over Olav Knutsson Tveiten ved Valle kyrkje.
Foto: Siri Johannessen (2014).

Valet til Riksforsamlinga i Valle prestegjeld i Råbyggjelagets amt vart gjennomført i Valle kyrkje den 18. mars 1814. Kyrkje valet vart halde i står ikkje lenger. Prestegjeldet femna dei tre sokna Valle, Hylestad og Bykle, som valde to valmenn kvar. Medan det vanlege var to valmenn for kvart prestegjeldet, hadde Råbyggjelaget ein ordning med to for kvart sokn, då det var så få prestegjeld i amtet.

Adressa frå prestegjeldet opnar med ein hyllest til danskekongen Frederik VI og hans forgjengere og til prins Christian Frederik. Sjølvstendeeiden vert bekrefta. Men dei nemner også eit viktig krav: «Kuns en Stemning findes blandt os - kuns et Ønske: Brød! Tilførsel! og Friehed for fremmet Aag!!». Blokaden mellom Noreg og Danmark i naudsåra under Napoleonskrigane hadde råka befolkninga hardt, og no ville dei vere sikre på at det kom korn til landet. Valle er eit av mange prestegjeld som nemner det framande åk, det vil si svenskane. Det er verdt å merke seg at dei fleste ikkje så på danskane som framande; Christian Frederik var ein av våre eigne.

Dei som vart valde frå prestegjeldet var (med opphavleg skrivemåte):

  • Frå Valle sokn:
  • Frå Hylestad sokn:
    • Medhjelper Gunder Halvorsen Hougen
    • Knut Tarjesen Strøme
  • Frå Bykle sokn:
    • Halvor Aanonsen Tvethen
    • Salomon Snæresen Rydningen

Olav Knutsson Tveiten vart på amtsforsamlinga vald som ein av representantane frå amtet.

Dei som underteikna adressa var (også dei med opphavleg skrivemåte):

    • Aamodt, Provst og Sognepræst
    • Ole Knudsen Tvedten, Lensmand
    • M. Kielleberg, Degn og 2den Forligelses-Comissair
  • Walle Sogns Medhielpere:
    • Ole Poulsen Sagnesgaard
    • Knud Knudsen Qvasager
    • Sven Drengsen Røyseland
    • Gunlech Aanonsen Røe
  • Hyllestad Sogns Medhielpere
    • Gunder Halvorsen Hougen
    • Knud Tellevsen Strømme
  • Bøchle Sogns Medhielpere
    • Biørgulf Svendsen Biønneraa
    • Michel Olsen Bratteland
    • Sigur Biørnsen Moestøl
  • 12 av Menighedens agtværdigste Mænd
    • Halvor Ormsen Brottved
    • Ole Sigurdsen Hovet
    • Tarje Olsen Fladeland
    • Knud Tallefsen Helle
    • Tallef Johnsen Homme
    • Halvor Olsen Berge
    • Uf Danilsen Vigen
    • Halvor Sigursen Rystad
    • Od Tarjesen Byklom
    • Ole Taralsen Moestøl
    • Salve Poulsen Stavenes
    • Halvor Aanonsen Tvethen

Kjelder