Onarheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Postkort frå Onarheim, poststempla i 1908.

Onarheim er ein kyrkjestad og tidlegare adeleg setegard på øya Tysnes i Tysnes kommune, Sunnhordland. I mellomalderen heldt St. Olavsgildet til her, i dag kjend som Onarheimsgildet.

Garden Onarheim

Garden er kjend sidan 1100-talet, då Erling Skakke heldt tingsamling på Onarheim. På 1200-talet budde hovdingen Sigurd her. Sigurd på Onarheim var ein av dei fremste mennene i kongeriket, som lagmann på Gulatinget og rådgjevar for den unge Håkon Håkonsson. Etterkomarane hans styrte den store garden godt, med alt som fanst av arbeid, bygningar, drenger og tausar. Det vart drive både med fiske og skogshogst.

På 1300-talet levde Tore Torkjellson her. Somme slektsgranskarar har hatt teoriar om at Tore kan ha vore stamfar til adelsætta Benkestok. Etter han følgde Pål Knutsson frå Onarheim, som i 1354 fekk eit befalingsbrev frå kong Magnus om å utrusta eit skip for å sjå etter den norrøne kolonien på Grønland. Pål Knutsson har vore sett i samband med den omdiskuterte Kensingtonsteinen i Minnesota, ettersom nokre historikarar i moderne tid har tenkt seg at ekspedisjonen til Grønland kan ha endt her - sjølv om det er ein tvilsam teori.

I første halvdelen av 1500-talet høyrde garden til Hans Jørgensson, gift med Bodil Jørgensdotter Staur, og gjekk deretter i arv til dottera Bodil. Då ho gifta seg under sin stand, mista garden setegardsrettane, men dei vart fornya då garden vart overteke av Bertel Lauritsen Hørby. Etter hans død vart enkja Anna sitjande på garden, og deretter bror hennar Iver Mund, som selde garden til Axel Mowat. Etter hans død i 1665 kom Onarheim i svigersonen baron Ludvig Rosenkrantz si eige. Arvingane hans selde garden til generaltollforvaltar Johan Garmann. Garden vart utstykka etter hans død i 1730, og mista nok ein gong setegardsrettane.

Kyrkjestaden

Det gamle gildeområdet på Onarheim, med Olavskyrkja teikna inn. Illustrasjon av Anton Espeland til artikkel i Maal og minne 1919.
Alt på 1100-talet vart det reist ei steinkyrkje på Onarheim som bar namnet Olavskyrkja. Ein veit i dag ikkje heilt nøyaktig korleis kyrkja har stått plassert, men ein går gjerne ut frå at kyrkja har stått noko nedanom og på skrå andsynes den noverande kyrkja. Namnet på kyrkja fortel om tilknytinga til Olavsgildet på staden. Kyrkja kan opphavleg ha vore bygd som ei gardskyrkje, sjølv om den fungerte som soknekyrkje.

Frå 1723 var kyrkja i privat eige. Den siste private eigaren overdro kyrkja til soknet i 1862. Då hadde mellomalderdelen av kyrkja stått fram til 1819. Kyrkja vart ombygd 1819-1820. Denne kyrkja stod fram til 1893, då den noverande kyrkja vart bygd på ei noko anna plassering - «paa en Del af den gamles Tomt». I samband med rivinga vart murrestane av mellomalderkyrkja målt opp av topograf Jens Kraft. Oppmålinga viser at kyrkja var 52 alner lang og 21 alner brei - altså nær 34 meter lang og 13 meter brei. Etter nedrivinga stod berre koret att. Frå den tid og fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1893 låg dei gamle steinmurane kring ei lita kyrkje på 9 x 5 meter utan tårn.

Ved kyrkja finn ein den såkalla Vossabakkjen. Namnet er tolka slik at stormenn frå Voss vart gravlagd her i mellomalderen, anten dei hadde tilknyting til gildet eller på anna vis var knyta til Onarheim. På kyrkjegarden ligg diktaren Claus Pavels Riis gravlagd, mannen som skreiv songen «Anne Knutsdotter».

Onarheim som tingstad

I heidensk tid var Onarheim ein av dei viktigaste tingplassane på Vestlandet. I Snorre blir det fortalt om Erling Skakke at han «kunngjorde at han ville fare sør til Onarheim til gangdagartinget» - dette skal ha vore i mai 1165. Historikaren dr. Anton Espeland skriv at «der er adskillige tegn til at dette ting og tingstedet Onarheim har været centrum for Gulatingsdagen før Gulatinget blev til ved kongebud. Tinget har altså holdt sig i konkurrancen med Gulatinget, ser vi, og senere vedblir Onarheim også i fremtrædende grad at være centrum for Hordalands kulturelle liv.» Espeland tenkjer seg at tinget må ha halde til på sjølve garden. Den dag i dag (2011) lever stadnamn som Tingelsåkeren og Tingsåkerreino i området.

Onarheimtinget vart flytta til Gulen i Sogn av Håkon den gode på 900-talet. Det vil med andre ord seia at Onarheim faktisk er det eldste av rettsstadene på Vestlandet, eldre enn Gulatinget. Det er såleis liten tvil om at Onarheim var eit hovdingsete i førhistorisk tid.

Olavsgildet

Frå skråen for Olavsgildet på Onarheim i 1394

I kristen mellomalder held Onarheim fram med å vera ein sentral samlingsplass på Vestlandet, men no som gildestad. Ein veit i dag ikkje kor sjølve gildet kan ha vore, eller nøyaktig kvar bygningen eller bygningane har stått, men ein har bevart både gildeskråen og eit segl som i dag er kjend som Onarheimsseglet.

Gildet, eller «samdrykkja», var i realiteten langt på veg ein gigantisk fyllefest den tida samlingane stod på, med deltakarar frå heile Hordaland. Samkoma varte ei vekes tid. Resten av året hadde gildebrørne plikt til å hjelpa kvarandre dersom særlege ulukker skulle ramma dei, som t.d. husbrann eller sjukdom på buskapen. Odd Handegård omtalar det som «kultur, fyll og kristendom».

Avviklingen av gildet var regulert gjennom lover og vedtekter, den såkalla gildeskråen. Skråen sette også ei ramme kring livet og verksemda til gildebrørne i perioden mellom gildesamlingane. Gildet eigde også jordegods.

Gildeseglet

Onarheimsseglet

Frå Olavsgildet kjenner me eit segl frå 1300-talet. Seglet er det einaste som finst frå dei mange gamle norske gilda.
Det har innskrifta: s CONVIV ARVM: BETI: OLAVI: DE: HONAREI (siginum beati Olavi convivarum de Onarheim)
som tyder «seglet til Olavsgildet på Onarheim». Det er eit våpensegl med krone over to krosslagde Olavs-øksar i skjoldet. Våpenet fortel om gildenamnet og det heilage mannen som gildet var vigd til.

Under hyllinga av kong Magnus Magnusson på Båhus i 1344 var seglet frå Onarheim festa som eitt av fleire segl til hyllingsbrevet, det einaste som i dag er heilt intakt. Som den sentrale staden Onarheim var, har det falle naturleg for sendemennene frå Sunnhordland å nytta gildeseglet. Onarheim ser ut til å ha vore eit naturleg midtpunkt for folk flest. Det er det einaste kjende seglet som styresmakter eller allmuge har nytta som felles merke i mellomalderen, og det var difor eit naturleg val som fylkesvåpen for Hordaland.

Stadnamnet Onarheim

Første ledd i namnet kan koma av norrønt ón, 'landstykke, teig'. Men namnet Onarheim kan òg peika mot guden On. Kven On kan ha vore, er noko uklårt. Språkforskaren Magnus Olsen peikar på at On kan ha vore eit eldgammalt namn for heile Tysnes, før øya fekk namnet Njardarlog. Kanskje On kan ha samanheng med Odin, eller kanskje heller den norrøne guden Onarr, som etter den norrøne gudelæra var morfar til Tor, meiner forfattaren Johannes Heggland.[1]

Sjå òg

Referansar

  1. Heggland, Johannes: Det gamle Njardarlog, band 1, s. 100 ff. Tysnes Sogelag, 1963.

Kjelder og litteratur

  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards- og ættesoge, band 4. Tysnes Sogelag, 1991.
  • Handegård, Odd: Vår felles slektshistorie. CD-ROM 2011.
  • Heggland, Johannes: Det gamle Njardarlog, band 1. Tysnes Sogelag, 1963.
  • Kjellberg, Halvor: Regesta Norvegica, bind VI,nr 310. Riksarkivet, 1993.
  • Skjellevik, Olav: Kåseri ved Onarheim kyrkje 27/7 2008, manus
  • Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993.
  • Norges Kirker. Hordaland, bind II. Gyldendal, 2000.
  • Snorre: Kongesoger
  • Store Norske Leksikon: «Onarheim»


Koordinater: 59.949535° N 5.625202° Ø