Ove Bjelke

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Ove Bjelke, etter kopparstikk av Jan van der Noth.

Ove Bjelke (fødd 26. oktober 1611 i Trondheim, død 29. mars 1674 i Trondheim) var ein norsk godseigar, lensherre og embetsmann. Han var son av Noregs rikes kanslar Jens Bjelke (1580–1659) og Sophie Brockenhuus (1587–1656), og høyrde såleis til Bjelke-slekta, ein viktig adelsslekt i Noreg.

Bjelke var lensherre på Bergenhus frå 1648 til 1663 og Noregs rikes kanslar frå 1660, eit embete han overtok etter at faren døydde. Frå 1666 til han døydde var Bjelke stiftsamtmann i Trondheim.

Han var gift først med Maren Juel (1623–1644), som var dotter av statthaldar Jens Juel (1580–1634) og Ide Hansdatter Lange (d. 1649). Ei dotter, Ide Sophie, blei gift med amtmann Knut Gjedde, son av Ove Gjedde og Dorthe Knutsdotter Urne.

Han blei så gift for andre gong med Regitze Ovesdatter Giedde (1629–1657), som var dotter av riksadmiral Ove Giedde (1594–1660) og Dorte Knudsdatter Urne (1600–1667). Ei dotter frå dette ekteskapet, Maren Ovesdatter Bjelke, var gift med stiftamtmann Joachim Frederik Wind.

Så blei han gift tredje gong med Helvig Lindenow (1635–1678), dotter av tidlegare lensherre og seinare stiftamtmann Henrik Lindenow (død 1673) og Beate Christoffersdatter Ulfeldt (omkr. 1610–1676).

I åra 1626 til 1629 var han på Sorø, og deretter følgde ein studiereise i utlandet. 1636 til 1642 var han kansellijunker, og i 1640 var han gesandt i Spania. Fra 1641 til 1648 satt han på Bakke kloster len, og 1645–1646 hadde han Nordlandenes len. Så hadde han Reins kloster len 1646–1648. Frå 1643 til 1645 var han land- og krigskommissær i Jemtland.

I 1648 blei han lensherre i Bergenhus, noko han var til 1665 då han blei stiftsamtmann i Trondheim, eit embete han hadde til sin død. I 1660 blei han kanslar ved midlertidig bestalling, og i 1663 fekk han embetet permanent og hadde det til sin død. Han møtte i Overhoffretten 1667–1669, og blei geheimeråd og titulær assessor i Statskollegiet og Høyesterett i 1666.

I 1673 blei han ridder av Dannebrog.

Kjelder og litteratur