Peder Alsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Peder Alsvik (ukjent fotograf).
Peder Alsvik (fødd på Semundset i Aure 26. juni 1882,[1] død 31. desember 1964) var ein arbeidarpartipolitikar og stortingsrepresentant frå Nordmøre.

Foreldra var Ole Andersen Alsvik (1856–1949) og Karen Bergitte Pedersdatter Sæmundset (1860–1897). Dei var gardbrukarar. I 1890 tok dei over Olvika ved Imarsundet og budde der nokre år før dei selde garden og flytta tilbake til Semundset att. Dei hadde da teke i bruk familienamnet Alsvik. Like etter, i 1898, kjøpte dei Nerbakkan under Leira, der dei vart buande.

Frå 16-årsalderen var Peder Alsvik sjømann i innan- og utanriksfart, og han arbeidde i mange år som fiskar i inn- og utland. I 1912 stod han i spissen for skipinga av Norsk fangst- og fiskerforbund i Ålesund. Han var anleggsarbeidar på Raumabanen 1922-1923. Frå 1933 til 1942 og frå 1945 til 1956 var han administrator i Hypotekbankens avdeling i Trondheim.

Peder Alsvik vart gift med Ellen Holten, og dei busette seg på DaleNordlandet, som da låg under Bremsnes herad. I 1916 kom Alsvik inn i kommunestyret i Bremsnes, og sat fyrst ein periode (1916-1919). Deretter sat han samanhengande frå 1925 til 1934.

Alsvik var vararepresentant til Stortinget for Møre 1931-1936, og var deretter stortingsmann for Møre og Romsdal (Arbeidarpartiet) 1937-1953. Han sat i Stortingets sjøfarts- og fiskerikomite 1945-1954.

Peder Alsvik døydde den 31. desember 1964.


Fotnotar

Kjelder