Solvorn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solvorn fotografert av Knud Knudsen mellom 1888 og 1894.

Solvorn er ei bygd, ein skulekrins og eit kyrkjesokn i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Solvorn høyrde til Hafslo kommune før kommunesamanslåinga i 1963. Staden ligg på vestsida av Lustrafjorden, tvers overfor Ornes.

Solvorn var innfallsporten for innlandsbygda (ytre) Hafslo så lenge fjorden var den viktigaste samferdsleåra, og Solvorn har ei lang historie som handelsstad. Walaker hotell har ei ubroten historie attover til 1600-talet. Frå 1858 var Solvorn dampskipsstoggestad.

Solvorn var tingstad frå 1600-talet. I 1813 flytte sorenskrivar Lars Johannes Irgens til Solvorn, og sorenskrivaren i Indre Sogn heldt til her fram til embetet flytte til Sogndal i 1966.

Hafslo kommune vart etablert i 1837, vart det avgjort at kommunestyremøta skiftevis skulle haldast i Solvorn og Marifjøra. Dette tok slutt ved miden av 1800-talet då møta vart lagde til prestegarden i Hafslo.

Solvorn har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Solvorn sokn høyrer til Indre Sogn prosti og femner både om bygda Solvorn og delar av sørsida av Lustrafjorden, det vil seie dei delane som tidlegare høyrde til Ornes sokn som vart nedlagt ned i 1882. Soknet har såleis to kyrkjer, Solvorn kyrkje (1883) og Urnes stavkyrkje.

Skulekrinsen Solvorn med Solvorn skule femner òg om bygdene Ornes og Kroken på sørsida av Lustrafjorden. Solvorn har elles daglegvarebutikk og barnehage, og det går ferje året rundt til Ornes.

Kjelder