Aase Udberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aase Udberg (fødd 1919, død 21. februar 2004 i Årdal) var amatørfotograf og dataingeniør.

Ho var gift med Bjørn Udberg (1921–1955), som òg var amatørfotograf. Ho vart tidleg enke, då mannen i 1955 døydde i ei arbeidsulukke på Årdals verk der han var smelteverksmeister. Aase Udberg arbeidde også på smelteverket, der ho var dataingeniør. Etter at mannen døydde reiste ho mykje, og ho hadde ofte lysbildeforedrag om reisene i heimbygda. Det kunne vere artige samankoblingar, som då ho i 1971 stilte på Årdal pleieheim med eit foredrag om både påsken i Roma i 1970 og sommaren i Sogn.[1]

Mange bilete etter Aase og Bjørn Udberg ligg i Udbergsamlinga, som Årdal kommune eig. Dei er tekne mellom kring 1945 og 1965, og motiva er frå Årdal og omegn. I 2007 vart det sett i gong eit bevaringsprosjekt der ein plukka ut 2202 bilete frå samlinga som vart digitalisert og innlemma i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sin fotosamling.

Den 21. februar 2004 omkom ho ei ei bilulukke i Årdal. Tre andre kvinner vart alvorleg skadd i ulukka.[2] Ho vart bisett frå Årdal kyrkje.

Referansar

  1. «Passiaren» i Bergens Tidende 1971-02-04. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. «Trafikkoffer sendt til Haukeland» i Bergens Tidende 2004-02-23. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Aase Udberg på Digitalt museum.
  • Aase Udberg på KulturNav
  • Aase Udberg i Historisk befolkningsregister.
  • Urtegaard, Gunnar: Rapport ... frå prosjektet "Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling" i Sogn og Fjordane : prosjektet er gjennomført som eit ABM-samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune (Kulturavdelinga, Fylkesbiblioteket), musea i Sogn og Fjordane og ABM-utvikling. 1 : Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling i Sogn og Fjordane : Sogn og Fjordane som nasjonal prøveregion 2005-2007. Utg. Sogn og Fjordane fylkeskommune. 2008. Digital versjonNettbiblioteket.


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Aase Udberg er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.