Seljord ungdomslag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Seljord ungdomslag i Seljord kommune vart skipa i 1896. Den første leiaren var lærar Lavrants Rui[1]. 12. april 1909 vart ungdomshuset Granvin i Seljord sentrum innvigd etter fleire år med dugnadsarbeid. Laget hadde mykje aktivitet med folkedans, folkemusikk og skodespel. Frå 1962 til 2008 vart Seljordspelet ein årleg tradisjon for ungdomslaget.
Kjelder og litteratur
- Seljordspelet på Sceneweb
- "Folkeleg og frilynt" : 100-års festskrift : Seljord ungdomslag 1896-1996. Red. Anne Brit Flatin. Utg. Seljord sogelag. 1996. 138 s. Merknad: Seljord sogelags skriftserie ; nr. 4. ISSN 0804-094X.
- Telemark ungdomslag 1895-1970. Utg. Laget. Skien. 1970. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Telemark ungdomslag. Skien. 1930. Digital versjon på Nettbiblioteket.