Seljord ungdomslag
Seljord ungdomslag i Seljord kommune vart skipa i 1896. Den første leiaren var lærar Lavrants Rui[1]. 12. april 1909 vart ungdomshuset Granvin i Seljord sentrum innvigd etter fleire år med dugnadsarbeid. Laget hadde mykje aktivitet med folkedans, folkemusikk og skodespel. Seljordspelet var ein årleg tradisjon for ungdomslaget i åra 1962 til 2008.
Kjelder og litteratur
- Seljordspelet på Sceneweb
- "Folkeleg og frilynt" : 100-års festskrift : Seljord ungdomslag 1896-1996. Red. Anne Brit Flatin. Utg. Seljord sogelag. 1996. 138 s. Merknad: Seljord sogelags skriftserie ; nr. 4. ISSN 0804-094X.
- Telemark ungdomslag 1895-1970. Utg. Laget. Skien. 1970. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Telemark ungdomslag. Skien. 1930. Digital versjon på Nettbiblioteket.