Ålhus krins
Ålhus krins (også skreve Aalhus) var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Skulekrinsen dukkar fyrst opp i protokollane i 1882, men kan ha vore i drift tidligare.
I ei omregulering av krinsane i 1893, dekka krinsen gardane Solheim, Saareim, Aalhus, Nedrebø, Øvrebø, Hegrenæs og Bjørset. Krinsen hadde då 54 born, 30 veker skuletid og todelt skule. I 1897 blei Svidal skulekrins slått saman og lagt under Aalhus krins. Samanslåinga hadde blitt vedtatt av skulestyre i Jølster i 1896, men blei først gjennomført i 1897, da kyrkjedepartementet godkjente vedtaket.
Det vart i perioden 1898 til 1900 også heldt privatskule i Aalhus. Dette var for barn under 15 år. Totalt var det 39 barn som blei undervist i privatskule dei to åra. Frå hausten 1900 var det berre fem barn som blei undervist utanfor folkeskulen i heile kommunen.
I 1959 blei det bestemt at dei fire skulekrinsane: Aalhus, Eikaas, Gjesdal og Sandal skulle samlast til «ein skulestad». Den nye skulen skulle vere på Vassenden. Da Vassenden skule blei opningsklar i 1968, så vart Aalhus skulekrins nedlagt og innlemma i den nye skulen.
Skulehus
Når det blei bygga eit skulehus i Ålhus er usikkert. Det eldste tilfellet man høyrer om skulehuset er i femårmeldinga for «Jølster folkeskoler» frå 1891-1895. Der står det oppført at «Aalhus skolehus er opført af kretsen uden amtsbidrag og er saaledes kredsens eigedom». Skulehuset måtte derfor ha vore drift seinast i 1891.
I perioden 1896-1900 vart det bygd eit nytt skulehus i Aalhus. I femårsmeldinga frå same periode, står det fylgjande: «I Aalhus er bygget nyt skolehus med 2 klasseværelser, Hvis gulvflade er henholdsvis 6.5 X 7 og 6.5 X 5». Det nye skulehuset rommet ca. 30 barn.
I 1956 blei det innlagt «drikkevatn og vassklosett» på skulen. Gangen vart også utvida og eit nytt rom til skulemateriell vart bygt.
Skuledagen
I Skuleprotokoll for Ålhus skulekrins 1903-1968 oppgis det at det i 1940 ikkje vart avheldt årsprøve, og at elevane istaden har fått standpunktkarakterar. I den same protokollen oppgis det at engelsk vart innført som fag ved skulane i Jølster frå hausten 1966. I 1967 var det derfor berre gitt karakterar i muntleg engelsk.
Skulevegen
Lærarar
I 1891 takka kandidaten til den ledige lærarposten i Svidal krins nei til jobben. Som ei mellombels løysing, tok lærar Elias Fosheim frå Ålhus krins over storskulen i Svidal, medan dotter hans, Dorthea, tok småskulen i Svidal. Gardbrukaren Søren M. Øvrebø skulle ha småskulen i Ålhus krins.[1] Året etter vedtok skulestyret at Dorthea Fosheim også tok småskulen i Ålhus. Krinsen ba i 1893 om å bytte ut Dorthea Fosheim med læraren Søren M. Øvrebø, men fekk avslag fordi skulestyret var av den meining at posten snart kom til å bli ledig uansett. Elias Fossheim bytta i 1894 krins, slik at han vart lærar i Svidal i staden for i Ålhus. Lærarposten i Ålhus vart så ståande ledig ei tid, då ein ikkje fekk kvalifiserte søkjarar til posten.[2]
I 1895 ønska Ålhus krins å tilsette læraren A. K. Vie i den ledige lærarstillinga, men fekk nei frå skulestyret. Resultatet vart at A. K. Vie oppretta privatskule og 15 av gardbrukarene i krinsen tok borna sine ut av folkeskulen og lot dei få undervising hos Vie.[3]
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Elias Fossheim | 1846 | Ålhus, Svidal | 1883 | 1893 | Balestrand 1867 og Stord 1870 | Kyrkjesongar. Lærar i Svidal frå 1893. |
Dorthea Kristine Fosheim | 1877 | Ålhus, Svidal | 1891 | Dotter av lærar Elias Fosheim. | ||
A. K. Vie | Privatskule | 1895 | ||||
Anders Fossen | 1855 | Ålhus | 1894, 1908 | 1900, 1912 | Hamar 1884 | Var lærar på Ålhus i to perioder: 1893-1900 og 1908-1912 |
Johannes Ålhus | 1880 | Ålhus | 1900 | 1908 | Elverum 1900 | |
Aud Bolæst | Ålhus | 1911 | 1912 | |||
Samuel Sandnes | 1890 | Ålhus | 1912 | 1914 | Volda 1911 | |
Hermund Thune | 1891 | Ålhus | 1914 | 1960 | Lærarskuleeksamen 1912 | |
Kristianne Fluge | 1902 | Ålhus | 1927 | 1941 | ||
Anne Blakar Sunde | Ålhus | 1951 | 1961 | Lærarinne for 1. og 2. klasse | ||
Kåre Aasen | Ålhus | 1961 | 1968 | |||
Almveig Sårheim | Ålhus | 1961 | 1962 | Lærarinne for 1. og 2. klasse | ||
Erna Osvoll | Ålhus | 1966 | 1968 | Lærarinne for 1. og 2. klasse |
Fotnotar
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Bøker
- Espeland, Arne: Norske skulefolk. Stavanger, Dreyer (1934)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 1. Stavanger, Dreyer (1952)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 2. Stavanger, Dreyer (1952)
Avisar
Arkiv
- Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918
- Dagbok for Svidal og Ålhus skulekrins 1891-1914. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Ålhus skulekrins 1883-1904. Digital versjon og Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Ålhus skulekrins 1904-1924. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Ålhus skulekrins 1914-1945. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Ålhus skulekrins 1924-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Ålhus skulekrins 1945-1960. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Ålhus skulekrins 1960-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Ålhus skule og Svidal skule, 1892-1913. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Ålhus og skulekrins 1903-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Protokoll over undervisningspliktige born for Ålhus skulekrins, 1907. Digital versjon på Digitalarkivet.no.