Reinheimen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn.
Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området, dyregraver og massefangstanlegg.
Inn mot og inne i området ligg fleire seterdalar, t.d. Lordalen i Lesja, Grøndalen på Lesjaskogen, Brøstdalen i Rauma og Finndalen i Vågå.
I 2006 vart Reinheimen nasjonalpark på 1969 km2 oppretta i dette området.
Kjelde
- Om Reinheimen på www.nasjonalparkstyre.no/Reinheimen/
- Mølmen, Øystein: Jakt og fangst i Lesja. Frå dyregrav til gevær. Lesja kommune, 1986. ISBN 82-991096-2-0