Stasjonsvegen (Bø i Telemark)
Stasjonsvegen i Bø sentrum går sørover frå rundkøyringa i krysset med Bøgata og Folkestadvegen til Lundevegen ved Bø stasjon.
Vegen blei anlagt kring 1920, er omlag 380 m lang og har namn etter Bø stasjon.
I løpet av hausten 2016 og våren 2017 blei Stasjonsvegen rusta opp for å leggje betre til rette for gåande og syklande.
Eigedomar
Nr. | Bilde | Om eigedomen |
---|---|---|
1 | Gnr. 53/271, Sandagården. Til 2014 sto det to samanbygde hus på eigedomen, eit gamalt trehus, og eit nyare i mur. Kvelden og natta til 22. februar 2014 brann det to gonger i trebygningen, og i andre brannen blei den totalskadd. Kort tid etter blei den brannskadde bygningen rive. Ein leigebuar, ei 38 år gamal kvinne, blei tiltalt og dømd for brannstifting. | |
4 | Gnr. 53/1/5, «Skoghaugen». Sett opp for Telemark språk- og realskule i 1923 av byggmeister Olav Jensson Haugen. Skolen hadde to romsklege klasserom med plass til 30 elevar, gymnastikksal, sløydrom, kjøkken. Eit rom som ei tid var matsal for elevane, blei seinare gjort om til klasserom. | |
5 | Gnr. 53/272. | |
10 | Gnr. 53/181, tidlegare festetomt nr. 9 under Bø Prestegard gnr. 53/1 (tinglyst 7. desember 1921). Utskild som bnr. 181 i 1989. Blei totalskadd av brann natt til tirsdag 21. januar 2014 da kriminelle tende på huset for å skjule spora etter tjuveri. Huset blei rive kort tid etter. | |
12 A–F, 14 | Gnr. 53/195 | |
15, 17, 19 | Gnr. 51/237 | |
20 | Gnr. 51/15, «Borre». | |
21 A–B | Gnr. 51/216 Forretningsbygg. | |
23 | Gnr. 51/40. | |
24 | Gnr. 51/144, «Heimtun». | |
25 | Gnr. 51/39. | |
26 | Gnr. 51/21, «Flatbø». | |
28, 30 | Gnr. 47/234, 235 og 47/119, Bøsenteret. | |
29 | Gnr. 51/26, «Framstad». | |
31 A–D | Gnr. 51/41. Også Framstadvegen 36–52. | |
32 | Gnr. 47/33/3, festetomt under Grivi søndre. Einebustad. | |
33 | Gnr. 51/34. | |
34 | Gnr. 51/19, «Aspheim». Einebustad. | |
35, 37, 39 | Gnr. 66/3, Bø stasjon. Oppført kring 1920. | |
40 | Gnr. 51/10, «Vonheim». | |
44 | Gnr. 51/22, «Vestheim». Forretningsbygg. | |
46 | Høyrer til gnr. 66/3, Bø stasjon. Stasjonsbua, kiosk. | |
48 | Høyrer til gnr. 66/3, Bø stasjon. Pakkhuset, oppført kring 1920. |
Kjelder
- Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid. Bø kommune 1972 s. 458
- Bø kommune sin nettstad.
- Kartverket: norgeskart.no