Folkestadvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Folkestadvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Folkestadvegen i i Midt-Telemark kommune går nordover frå rundkøyringa i krysset med Bøgata og Stasjonsvegen i sentrum, kryssar Bøelva på den 85 meter lange Folkestad bru, ved Ågetveitjuva, og går over i Vatnarvegen i krysset med Lifjellvegen ved Tjønntveit. Han er om lag 4,1 kilometer lang og er ein del av fylkesveg 3330 (tidlegare fv 152) som endar i Heddalsvegen ved Tuven på Notodden.

Vegen har namn etter Folkestadgardane og blei namnsett i 1967.

Den gamle Folkestad bru er ei steinkvelvsbru med spennvidde på 30 meter og spennhøgd på 4 meter. Brua sto ferdig i 1924, same året som jernbanen kom til Bø, og gjorde sitt til at Bøgata blei det nye store trafikk- og handelssenteret i bygda. I 1927 vedtok Bø heradsstyre at brua skulle heite Folkestad bru, og ho var i bruk heilt til 1973, da den nye Folkestadbrua sto ferdig. I dag gjer gamlebrua teneste som bru for gang- og sykkelvegen.

Kjelder


Koordinater: 59.41312° N 9.06926° Ø