Vatnarvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vatnarvegen med nr. 670, Lonar (gnr. 15/23) og Reshjemvegen 673, Bjørklund (einebustad).
Foto: Roy Olsen (2018).

Vatnarvegen i i Midt-Telemark kommune går nordover som framhald av Folkestadvegen i krysset med Lifjellvegen ved Tjønntveit. Ved kommunegrensa mot Notodden ved Reskjemvatnet på Reshjemheia møter han Reshjemvegen. Reshjemvegen er 12,6 kilometer lang og er ein del av fylkesveg 3330. Ved Breiva kryssar han Åseåa på Høgkåsfossbrua, og ved Vatnar skule kryssar han Lonåa på Lonabrua.

Vegen har namn etter Vatnargardane og blei namnsett i 2019.

Tidlegare het vegen Reshjemvegen, og blei offisielt namnsett i 1991. Årsaka til namneendringa i 2019 var at eigedomsnummereringa i Bø og Notodden starta i kvar sin ende og møttes på midten. Dette gav fleire like adresser i dei to kommunane, så for å hindre mistydingar, endra Bø vegnamnet på si side.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Bø formannskaps møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.
  • Bø kommune, Teknisk eining: Notat om: Referat frå møtet med vegnamnnemnda 20.03.18.


Koordinater: 59.44515° N 9.07171° Ø