Hjalmar Barman
Hjalmar Barman (fødd 8. oktober 1875) var bokhandlar i Kristiansund.
Han var gift med Rosalie Barman f. Hanson. Dei hadde to søner, Nicolai Hanson Barman (f. 1904) og Halfdan Barman (f. 1908).
Han starta opp firmaet Hjalmar Barman i 1898, og dreiv med sal av lêrvarer. Det firmaet vart nedlagd i 1938, men då hadde han lenge vore i bokhandlarbransjen. I 1918 starta han òg opp firmaet Hj. Barman K/S.[1]
Karrieren som bokhandlar starta med at han i 1903 vart tilsett som butikksjef og bokhaldar i Sverdrups Bokhandel i Kristiansund. Den var starta opp av Maren Marie Musæus Norman i 1874, og i 1891 tok Georg Jacob Sverdrup over. Han var svoger av Hjalmar Barman. I 1914 vart han disponent i Loennechens Boghandel, som Emerich Heinrich Meyer Blydt Loennechen hadde starta opp i 1888. I 1918 tok han over, og endra namnet til Hj. Barman A/S Bokhandel, frå 1938 Barmans Bokhandel A/S. Den var frå 1888 til 1932 i Loennechengården i Kaibakken, og flytta så til Storgata 2. Til bokhandelen hørte òg Barmans Trykkeri, opphavleg Loennechens Trykkeri og Bogbinderi. Nicolai H. Barman var sjef på trykkeriet firmaet òg eigde, og fekk prokura i 1938.
I 1940 brann bygningen ned under bombinga av Kristiansund, og lenge måtte bokhandelen og trykkeriet vere i ei brakke i Neraasgata.
I 1948 vart det kunngjort at Nicolai H. Barman, Halfdan Barman og Rosalie Barman skulle drive firmaet som Barmans Bokhandel A/S.[2] Dei flytta frå brakka til eit nytt hus i Hauggata 6. I 1963 vart butikken nedlagd.
Referansar
- ↑ Kunngjering i Norsk Lysingsblad 1938-12-05. Mal:Bokhylla.
- ↑ Kunngjering i Norsk Lysingsblad 1948-06-18. Mal:Bokhylla.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Hj. Barman på Digitalt museum.
- Hj. Barman på KulturNav.
- Byen vår : Kristiansund i bilder 1865-1940, Bind I, 1989.
- Hjalmar Johannes Barman i Historisk befolkningsregister.
- Hoem, Arne og Henrik Sverdrup: Sverdrups Bokhandel a/s. 100 år. [Kristiansund]. 1974. Mal:Bokhylla.
Eksterne lenker
![]() |
Hjalmar Barman er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |