Nesset prestegard
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nesset prestegard ligg litt sørvest for tettstaden Eidsvåg, på sørsida av Langfjorden i Nesset i Molde kommune.
På prestegarden budde Bjørnstjerne Bjørnson delar av barndommen sin. Faren Peder Bjørnson var sokneprest her frå 1837 til 1853. Bjørnstjerne budde heime til han i 1844 flytta til Molde for å gå vidare på skulen. Bondesamfunnet og naturen i Romsdalen skulle få stor innverknad på diktinga til Bjørnson.
Prestegarden skal utviklast i eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet som museumsfaglig konsulent og Opplysningsvesenets fond som eigar. Prestegarden var Nesset kommune sin tusenårsstad. Kommunen vart 1. januar 2020 innlemma i Molde.
|