Brøløsvegen (Seljord)
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=Seljord%2C_Br%C3%B8l%C3%B8svegen-1.jpg&width=400)
Parti frå Brøløsvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).
Brøløsvegen i Seljord kommune går nordaustover frå Nordbygdivegen i krysset med Nyveg og gjennom sentrum til Vallarvegen (E134) der han kryssar Vallaråi på Vallar bru.
Vegen er 1 647 m lang og har namn etter Brøløs, bygdas opphavelege sentrum.
Fram til 20. oktober 1993 var Brøløsvegen ein del av riksveg 11. Da vart vegstrekninga frå Bjørge til Li i Nordbygdi opna, og riksvegen vart lagt utanom sentrum. Den tidlegare traseen med Brøløsvegen og Nordbygdivegen vart nedgradert til lokalveg. Riksveg 11 fekk europavegstatus og vart E134 i 2000.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Varden 20. oktober 1993.