Sørestranda ungdomslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. nov. 2021 kl. 12:03 av Kallrustad (samtale | bidrag) (kjelde, tek ut "oppryddingsmal")
Hopp til navigering Hopp til søk
Ungdomshuset Høgetun
Fondvegg Høgetun
Høgetun salen

Sørestranda ungdomslag i Sykkylven vart skipa i 1911. Ungdomslaget hadde møta sine på skulehuset på Hellen/Hella fram til 1932, då ungdomshuset «Høgetun» var ferdig. Klaus Sletten, redaktør i Møre Tidend frå 1917 til 1920 eigde i den perioden ein gard på Ikornnes og gav hustomt på Solberg til laget. Namnet på eigedomen blei endra frå Solberg til Høgtun i 1921, men i daglegtalen levde det første namnet lenge. Mange utflytte «søre-strandingar» i Amerika gav gode pengegåver til huset, så laget var omlag skuldfritt då huset sto ferdig.

Det har vore halde om lag 350 møter i laget, og 60 skodespel er framsynt. Idrettslaget og skyttarlaget er spirer frå ungdomslaget. Lærar J. Fredriksen var første formannen. Lagsbladet heitte «Trekloppa».

Kjelder og litteratur

  • Gjævenes, Martin: ''Sykkylven. Gardssoga: Band 3: Gardssoga 3. 1983. 704 s. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Grøvik, Ivar: Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag gjennom 60 år, 1954.