Ålhus krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ålhus krins (også skreve Aalhus) var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Skulekrinsen dukkar fyrst opp i protokollane i 1882, men kan ha vore i drift tidligare.

I ei omregulering av krinsane i 1893, dekka krinsen gardane Solheim, Saareim, Aalhus, Nedrebø, Øvrebø, Hegrenæs og Bjørset. Krinsen hadde då 54 born, 30 veker skuletid og todelt skule. I 1897 blei Svidal skulekrins slått saman og lagt under Aalhus krins. Samanslåinga hadde blitt vedtatt av skulestyre i Jølster i 1896, men blei først gjennomført i 1897, da kyrkjedepartementet godkjente vedtaket.

Det vart i perioden 1898 til 1900 også heldt privatskule i Aalhus. Dette var for barn under 15 år. Totalt var det 39 barn som blei undervist i privatskule dei to åra. Frå hausten 1900 var det berre fem barn som blei undervist utanfor folkeskulen i heile kommunen.

I 1959 blei det bestemt at dei fire skulekrinsane: Aalhus, Eikaas, Gjesdal og Sandal skulle samlast til «ein skulestad». Den nye skulen skulle vere på Vassenden. Da Vassenden skule blei opningsklar i 1968, så vart Aalhus skulekrins nedlagt og innlemma i den nye skulen.

Skulehus

Når det blei bygga eit skulehus i Ålhus er usikkert. Det eldste tilfellet man høyrer om skulehuset er i femårmeldinga for «Jølster folkeskoler» frå 1891-1895. Der står det oppført at «Aalhus skolehus er opført af kretsen uden amtsbidrag og er saaledes kredsens eigedom». Skulehuset måtte derfor ha vore drift seinast i 1891.

I perioden 1896-1900 vart det bygd eit nytt skulehus i Aalhus. I femårsmeldinga frå same periode, står det fylgjande: «I Aalhus er bygget nyt skolehus med 2 klasseværelser, Hvis gulvflade er henholdsvis 6.5 X 7 og 6.5 X 5». Det nye skulehuset rommet ca. 30 barn.

I 1956 blei det innlagt «drikkevatn og vassklosett» på skulen. Gangen vart også utvida og eit nytt rom til skulemateriell vart bygt.

Skuledagen

Informasjon om skuletid og fag for folkeskulen i Jølster
Foto: Henta frå: Dagbok for Ålhus skulekrins 1960-1968

I Skuleprotokoll for Ålhus skulekrins 1903-1968 oppgis det at det i 1940 ikkje vart avheldt årsprøve, og at elevane istaden har fått standpunktkarakterar. I den same protokollen oppgis det at engelsk vart innført som fag ved skulane i Jølster frå hausten 1966. I 1967 var det derfor berre gitt karakterar i muntleg engelsk.

Skulevegen

Lærarar

I 1891 takka kandidaten til den ledige lærarposten i Svidal krins nei til jobben. Som ei mellombels løysing, tok lærar Elias Fosheim frå Ålhus krins over storskulen i Svidal, medan dotter hans, Dorthea, tok småskulen i Svidal. Gardbrukaren Søren M. Øvrebø skulle ha småskulen i Ålhus krins.[1] Året etter vedtok skulestyret at Dorthea Fosheim også tok småskulen i Ålhus. Krinsen ba i 1893 om å bytte ut Dorthea Fosheim med læraren Søren M. Øvrebø, men fekk avslag fordi skulestyret var av den meining at posten snart kom til å bli ledig uansett. Elias Fossheim bytta i 1894 krins, slik at han vart lærar i Svidal i staden for i Ålhus. Lærarposten i Ålhus vart så ståande ledig ei tid, då ein ikkje fekk kvalifiserte søkjarar til posten.[2]

I 1895 ønska Ålhus krins å tilsette læraren A. K. Vie i den ledige lærarstillinga, men fekk nei frå skulestyret. Resultatet vart at A. K. Vie oppretta privatskule og 15 av gardbrukarene i krinsen tok borna sine ut av folkeskulen og lot dei få undervising hos Vie.[3]

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Elias Fossheim 1846 Ålhus, Svidal 1883 1893 Balestrand 1867 og Stord 1870 Kyrkjesongar. Lærar i Svidal frå 1893.
Dorthea Kristine Fosheim 1877 Ålhus, Svidal 1891 Dotter av lærar Elias Fosheim.
A. K. Vie Privatskule 1895
Anders Fossen 1855 Ålhus 1894, 1908 1900, 1912 Hamar 1884 Var lærar på Ålhus i to perioder: 1893-1900 og 1908-1912
Johannes Ålhus 1880 Ålhus 1900 1908 Elverum 1900
Aud Bolæst Ålhus 1911 1912
Samuel Sandnes 1890 Ålhus 1912 1914 Volda 1911
Hermund Thune 1891 Ålhus 1914 1960 Lærarskuleeksamen 1912
Kristianne Fluge 1902 Ålhus 1927 1941
Anne Blakar Sunde Ålhus 1951 1961 Lærarinne for 1. og 2. klasse
Kåre Aasen Ålhus 1961 1968
Almveig Sårheim Ålhus 1961 1962 Lærarinne for 1. og 2. klasse
Erna Osvoll Ålhus 1966 1968 Lærarinne for 1. og 2. klasse

Fotnotar

  1. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 21.
  2. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 32.
  3. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 33.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Bøker

Avisar

Arkiv


Koordinater: 61.530551° N 6.234016° Ø