Dalen Hotel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalen Hotel.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen (2008).

Dalen hotellDalen i Telemark blei opna i 1894 og er det siste attverande av dei store trehotella frå slutten av 1800-talet. Med eit areal på om lag 4 500 kvadratmeter er hotellet òg eitt av dei største trebygga i Noreg. Hotellet er teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve og har ofte blitt kalla «eventyrhotellet». Det ligg monumentalt til over Bandak og har to og ein halv etasje. Bygningen er oppført i ein nasjonalromantisk stil med innslag av sveitserstil og dragestil, inspirert av stavkyrkjer og eldre norske loft og stover. Han er prega av svalgangar, portalar, tårn, drakehovud og rike utskjeringar.

Midtpartiet er dominert av ein stor sentralhall som strekkjer seg gjennom bygningen og får lys frå eit overlys i taket. Frå sentralhallen går to lange fløyer symmetrisk ut til kvar side og endar i tverrstilte bygningsdelar som gir bygningen ei variert og samansett utforming. Storleiken, glasstaket, overlyset og dei rike tredetaljane gjer Dalen hotell til eitt av dei viktigaste trebygga i landet.

Predikanten og artisten Aage Samuelsen kjøpte hotellet i 1983 og ønskte å gjere det om til eit kristent senter. Bygningen var då i dårleg stand, og trass i omfattande restaureringsarbeid og store investeringar måtte han gje opp prosjektet. Hotellet blei selt på tvangssal i 1987, få månader før Samuelsen døydde.

Etter fleire år med forfall opna hotellet att i 1992 etter ei omfattande restaurering. Hotellet er ikkje tilpassa vinterdrift og held ope frå påske til utgangen av oktober. Mange kombinerer eit opphald på Dalen hotell med ei reise på Telemarkskanalen med M/S «Victoria» eller M/S «Henrik Ibsen».

Hotellet fekk Europa Nostra Heritage Award 2000. Adressa er Hotellvegen 33.

Galleri

Kjelder


Koordinater: 59.44381° N 8.01141° Ø