Kvikk (klegg 1937)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvikk
Egennavn: Kvikk
Båttype Klegg
Byggeteknikk Klinkbygd
Materiale Tre
Lengde 27,9 fot
Byggeår 1937
Båtbygger: Sigurd Bjørkedal
Framdriftsmidler: Motor
Motortype Sabb 5-9 hk 1956
Kommune Volda kommune
Lagstilhørighet: Bjørkedal kystlag
Lagstilhørighet andre: Bjørkedal båtsamlingar
Nåværende eier: Bjørkedal båtsamlingar


Kvikk er bygd i Jakobsgarden på Bjørkedalen. Det er den fyrst båten Sigurd Bjørkedal bygde, rett nok saman med faren Daniel Bjørkedal. Den var bygd med lugar og styrhus samt at det blei sett inn ein 4 hk Heim-motor. Opphavleg var båten bestilt av Alfred Toftesund i Gjerdsvika. Vidare var Kvikk seld til brørne Karl og Olav Gjerde i Gjerdsvika, medan dei eigde båten vart den en gong kasta rundt i storm og sokk. Kring 1970 kjøpte Reidar Pilskog, Digernes i Ørsta båten. Han satt inn ein 5-9 hk Sabb frå 1956. Vidare kjøpte Arne Hovden båten hausten 1984, han brukte båten eit par år før han seld den til Bård Thorseth. Bjørkedal kystlag kjøpte båten på midten av 1990-åra. Kvikk står no i Starheimsæterløda i Bjørkedal båtsamlingar. Sigurd Bjørkedal rakk langt på veg å restaurere båten før han dydde.

Kjelder

  • Hjellnes, Tove Aurdal: Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar. Voldaminne 2012 s. 121-140