Thor Næss
Hopp til navigering
Hopp til søk
Thor Næss (fødd 15. mars 1873 i Vik i Sogn, død 1933 på Tynset) var fotograf. Han dreiv fotograferingsatelier i Bergen, foruten å vere omreisande fotograf.
Han var son av gardeigar Jon Torsson Næss (f. 1849) og Brita Hermundsdotter Næss (f. 1842), og vaks opp på garden Indre Næss i Vik.
Fotoutstyret drog han med seg i ei handkjerre etter sykkelen. Han spesialiserte seg på å fotografere folk og verksemd på anlegg rundt om i landet, og han tente bra på å omsette bilete til anleggsarbeidarane. Næss budde mellom anna i Oppdal i fleire periodar, der han produserte og omsette ei mengd bilete. Det er usikkert kvar utstyret og negativa etter Næss finst.
Kilder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Thor (Næss) Nesset på Digitalt museum.
- Thor (Næss) Nesset på KulturNav
- Bøe, Hans/Viken, Erik Sverre: «Litt om fotokunsten og de eldste oppdalsfotografene», Slik var det - billedalbum frå Oppdal, utg. Oppdal Historielag, 1983.
- Thor Næss i Historisk befolkningsregister.
Thor Næss er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |