Ideas

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ideas var ein lampefabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa av Terje Lade i april 1981. Lade leigde lokale i bygget til Aursnes Fiskegarnfabrikk. Ideas laga lampar i heiltre og laminert tre. Produkta var formgjevne av designaren Jan Erik Lindgren.

Ideas fekk tidleg økonomiske problem, og etter eit par års drift søkte bedrifta akkord. Resultatet vart at A/S Vestlandske Møbelfabrikk kjøpte opp lampeproduksjonen, slik at produksjonen av laminerte lampar kunne halde fram. To personar var nokre år sysselsette i lampeavdelinga til Vestlandske. Avdelinga vart avvikla i 1990-åra.

Kjelde: