Aursnes Fiskegarnfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aursnes Fiskegarnfabrikk i Sykkylven var ein produsent av fiskegarn, skipa i 1936 av Harald Rogne frå Hildre. Verksemda låg langt framme i den teknologiske utviklinga og var mellom dei første på Nord-Vestlandet som leverte ringnot.

Harald Rogne kom allereie som ungdom til Sykkylven for å arbeide i handelslaget på Aure. Her trefte han Signe Aursnes, som han gifta seg med i 1927. Då han fekk stillinga som styrar ved grossistforretninga Møre Kjøpmænd i Ålesund, flytta han frå Sykkylven. Etter ei tid i Ålesund reiste han attende til heimbygda for å assistere far sin, som då hadde kjøpt seg inn i Sunnmøre Fiskevegnfabrikk. Harald og Signe fekk ei grundig innføring i garntilverking dei tre åra dei budde på Hildre. Då far til Signe, løytnant Bastian Aursnes, døydde i 1931, tok Harald og Signe over som brukarar på plassen Rosenlund på Aursneset. Ei stund var Harald vekependlar mellom Hildre og Sykkylven, men ekteparet fann ut at det var for tungvint. Så vart det i staden til at Harald etablerte ein garnfabrikk på Aursneset.

Start med leigeproduksjon

Fabrikkbygget vart sett opp i 1936, og produksjonen kom i gang i november same året. Bemanninga var då tre kvinner og ein mann, forutan eineeigaren Harald Rogne. Månaden etter vart arbeidsstokken supplert med to kvinner til. Dei første arbeidarane ved Aursnes Fiskegarnfabrikk kom frå Hildre og var vane med garnfabrikasjon derifrå.

Som så mange andre verksemder i bygda den gongen, kom Aursnes Fiskegarnfabrikk i drift ved hjelp av leigeproduksjon. Fabrikken fekk råstoff frå store grossistfirma, t.d. i Bergen. Desse tok i mot varene for vidare sal. Rogne var elles heldig og fekk hand om to brukte nettbindemaskiner av typen Zang i 1936. Dei maskinene vart nytta heilt til bedrifta fekk si første nye nettbindemaskin i 1952.

Råstoffet til garna var fram til 1954 bomullstråd, som kom frå Italia og Egypt. I 1954 fekk fiskegarnfabrikken si første maskin for binding av nylon-not. Fiskegarnfabrikken på Aursneset var mellom pionerane på våre kantar når det gjaldt framstilling av fiskegarn i nylon. I desse åra vart leigeproduksjonsavtalane gradvis avvikla. Prosessen vart innleidd ved at ein av dei største oppdragsgjevarane, Andersen & Enke i Bergen, tok hand om garnbindinga sjølv. Etter det måtte Aursnes-bedrifta ta over råvareinnkjøp og sal. Etterarbeidinga av garna, farging og impregnering måtte dei framleis få andre til å gjere for seg.

Ny fabrikk

I 1951 byrja sonen til Harald, Bastian, ved fabrikken. Året etter vart han medeigar. På denne tida hadde arbeidsstokken auka til ti personar. Dei heldt framleis til i trebygget på Olegarden på Aursneset. Huset var i tre høgder inklusive kjellaren. I første etasje stod maskinene, i andre etasje var det bøting og samansetting, og i kjellaren hadde dei råvarelager. I 1957 vart fabrikken forlengd med eit tilbygg i mur på to etasjar og med ei grunnflate på 10x14 meter. I 1956 gjekk Ola Furseth inn som medeigar i firmaet.

Bedrifta hadde ei god tid i 1950-åra. Mellom anna utvikla innehavarane ein ny type drivgarn, og verksemda var mellom dei første på Nord-Vestlandet som kunne levere ringnot. Eit resultat av det fine framdrivet var at Aursnes Fiskegarnfabrikk oppretta eige salskontor i Ålesund med Peder Remmem som leiar. Bedriftseigarane kjende seg etter kvart sterke nok til å komplettere utstyret, slik at dei kunne stå for heile garnframstillinga sjølve. Eit anlegg for farging og impregnering av nylongarn var plasskrevjande. Difor vart det i 1966 vedteke å bygge ny fabrikk på Aursneset. Fabrikken stod ferdig i 1968, og same året vart det montert eit farge- og impregneringsanlegg. Til anlegget høyrde også ei tørke. Arnt Ystenes vart no tilsett som disponent. Bedrifta hadde på denne tida 30 tilsette, flest kvinner.

Like etter at det nye bygget stod ferdig, kom det ein nedgangskonjunktur i den innanlandske marknaden. For å vege opp det sviktande innanlandssalet engasjerte bedrifta seg på eksportsida. Fram til 1975 vart det tilsett agentar på Island, Irland og Skottland. Likevel vart omsetningssvikten merkande, og den var vanskeleg å tole med dei store kapitalutgiftene som bedrifta hadde etter bygginga og etter å ha kjøpt dyre maskiner. Aursnes Fiskegarnfabrikk oppretta difor eit dotterselskap, Aursnes Fabrikker A/S, som skulle halde til i dei same lokala og produsere plasttankar og plastkar. Nyskapinga tilførte ikkje fiskegarnfabrikken ressursar. Tvert om. For å få i stand ei gjeldssanering for Aursnes Fabrikker i 1971 måtte moderbedrifta inn med ½ million kroner. Aursnes Fiskegarnfabrikk vart i 1970 omskipa til aksjeselskap.

Fusjon

Konkursen i Aursnes Fabrikker svekte fiskegarnfabrikken endå meir, og bedrifta måtte gjennom ei omlegging for å kunne svare renter og avdrag. Løysinga var å tene meir pengar, og det kunne berre skje ved at produksjonen vart auka. Det vart difor investert i fleire maskiner og satsa vidare på eksportframstøytar.

Salet utvikla seg positivt, men for å greie å kome i møte bestillingane måtte fabrikken kjøpe ferdige varer frå andre garnfabrikkar i distriktet. Bastian Rogne gjekk i denne tida inn for ei samanslåing av fiskegarnfabrikkane på Sunnmøre. Han såg at berre dei store einingane hadde kapasitet til ein rasjonell og moderne produksjon. Sjølv om Rogne møtte ein del velvilje på dette området, kom det ikkje til konkrete resultat. I staden fusjonerte Aursnes Fiskegarnfabrikk A/S i 1977 med NOFI i Bergen.

Den fusjonerte eininga arbeidde godt nokre år, men så kom ein periode då behovet for fiskegarn minka. For å møte vanskane samla NOFI all produksjon i Bergen, med det resultat at Aursnes Fiskegarnfabrikk vart nedlagt i 1984.

Bastian Rogne heldt nokre år fram med fletting av nylontau for eiga rekning. Ei tid heldt han til i leigde lokale ved Emco-Møbler A/S i Straumgjerde. Han laga då fletta nylontau til møbelindustrien og fletta tau til trålmontering.

Kjelde