Ideas

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ideas var ein lampefabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa av Terje Lade i april 1981. Lade leigde lokale i bygget til Aursnes Fiskegarnfabrikk. Ideas laga lampar i heiltre og laminert tre. Produkta var formgjevne av designaren Jan Erik Lindgren. Lampene utgjorde ein komplett kolleksjon som passa til moderne møbler m.a. frå Ekornes og Vestlandske Møbler. Ein av modellane vart vist på Designers Corner på Bella-centeret i København.

Ideas fekk tidleg økonomiske problem, og etter eit par års drift søkte bedrifta akkord. Resultatet vart at Vestlandske Møbler i 1984 tok over Ideas, slik at produksjonen av lamper kunne halde fram.

På det meste var det sju personar i produksjonen pluss diverse underleverandørar. Bedrifta hadde også noko eksport. Lampeproduksjonen varte i ca 10 år.

Kjelde