Søndeled
Søndeled er ei bygd og eit tidlegare herad i Aust-Agder fylke. Heradet grensa til Skåtøy og Sannidal i Telemark, Gjerstad, Vegårshei, Holt, Dypvåg og Risør i Aust-Agder. I 1964 vart Søndeled innlemma i Risør kommune.
Geografi
Gamle Søndeled herad låg heilt aust i Aust-Agder fylke. I Søndeled ligg det tre fjordar: Sandnesfjorden, Sørfjorden og Nordfjorden. I Søndeled ligg au det gamle Rygjarbit (no Gjernestangen).
Bygdesoga
Namnet Søndeled meiner professer Oluf Rygh hadde skrivemåten Sundaleid, Sundaleidr, Sundaleidi, kor første ledd er fleirtal av sund og det andre leddet har meir eller mindre forbindelse med leid, led, veg. Namnet skal først, ifylgje professor Rygh, ha vore namnet på fjorden (Søndeledfjorden) og så etter kvart komme på kyrkja og garden.
Søndeled herad blei oppretta som eiga heradskommune i 1837 og det skjedde berre små forandringar i heradet fram til 1. januar 1964 då Søndeled blei slengt saman med Risør bykommune og blei til nye Risør kommune. Dei endringane som skjedde var: i 1864 blei Lyngør, Gjeving og Risøya, som då høyrte til Søndeled, lagt over til Dypvåg herad, pga at Lyngør, Gjeving og Risøya sokna til Dypvåg kyrkje og ikkje til Søndeled kyrkje. I 1901 blei Buvika, Korstveit (no Krana) og Urheia innlemma Risør bykommune.
Søndeled har lange tradisjonar med båtbyggerier, og dei einaste som er igjen no er Moen trebåtbyggeri på Moen og Risør trebåtbyggeri i Buvika. Søndeled hadde au eiga sparebank: Søndeled sparebank. Den låg ved Nyvei rett ved grensa til Risør by.
Kyrkjer i Søndeled
- Søndeled kyrkje (tidlegare Indre Søndeled kyrkje). Kyrkja eller Kjørka ligg på Søndeled og er ein steinkyrkje frå 1150 - 1200-talet. Albert Martin Valla er sokneprest i Søndeled kyrkje.
- Frydendal kyrkje (tidlegare Ytre Søndeled kyrkje). Kyrkja eller Kjerka ligg på Frydendal og er ein langkyrkje frå 1879. Albert Martin Valla og Per Oscar Berg er sokneprestar i Frydendal kyrkje.
Menigheter i Søndeled
- Søndeled menighet (tidlegare Indre Søndeled menighet) er menigheten til Søndeled kyrkje på Søndeled. Den omfattar heile Indre Søndeled.
- Risør menighet (tidlegare Ytre Søndeled menighet og Risør menighet). Er menigheten til Frydendal kyrkje og Risør kyrkje. Ytre Søndeled menighet og Risør menighet blei slått saman til ein menighet i 2005. Namnet blei Risør menighet og besår av Frydendal og Risør kyrkjar.
Skular i Søndeled
- Søndeled skole (1-7kl) - Skulen ligg i tettstaden Søndeled.
- Hope skole (1-7kl) - Skulen ligg i grenda Hope/Sandnes i Ytre Søndeled.
- Risør barneskole (1-7kl) - Skulen ligg på Kjempesteinsmyra i bygda Randvik i Ytre Søndeled.
- Risør ungdomsskole (8-10kl) - Skulen ligg på Kjempesteinsmyra i bygda Randvik i Ytre Søndeled
Skulemål i Søndeled
I Søndeled var det bokmål i dei fleste krinsane, men Søndeled hadde au nynorsk krinsar fram til kommunesamanslåinga i 1964. Det var dei innerste krinsane som hadde nynorsk. Nynorsken fekk aldri heilt beinfeste i Søndeled, sjølve om dialekta i Søndeled har mykje nynorsk i seg. No har alle elevane i Søndeled bokmål i barne og ungdomsskulen.
Næringsliv
- Søndeledtona - På Søndeledtona (Søndeledtunet) er det fleir butikkar som Kiwi Søndeled, Martina (manifaktur forettning), to frisørsalongar, ein rørlegarbutikk (Søndeled rør), Linea blomster og nokon andre.
- Matbutikkar - Det er fem matbutikkar i Søndeled, derav to store butikkar og tre av dei nærbutikkar. Dei store butikkane er: Kiwi Risør (på Frydendal) og Rema 1000 (på Østebøsletta). Dei tre små er Kiwi Søndeled, Joker Hopestrand og Rimi Randvik.
- Bensinstasjonar - Det er to bensinstasjonar i Søndeled, Hydro Texaco på Akland, som au ein filial på Søndeled, og Statoil Risør, som ligg på Frydendal.
Kjende folk frå Søndeled
- Tallak Lindstøl - Lokalhistorikar.
- Erik Mykland - Fotballspelar frå Randvik.
- Halvor Olsson Stamøy - Lærar, Gardbrukar, Lensmann og Stortingsmann.
Kjelde
- Søndeledboka bind 1-3