Randvik i Søndeled

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Randvik er ei bygd i Søndeled, Risør kommune, som har utvikla seg frå gardsnummer 15, Randvik. Garden ligg heilt ytst på nordsida av Sandnesfjorden og har Grundesund som nærmaste nabogard. Per 2012 er gardane på Randvik barnehagar: Lekeslottet barnehage og Amandus barnehage.

Namnet

Professor Oluf Rygh antar i Norske gaardnavne at skrivemåten har vore Randvik alt i gamalnorsk tid og at namnet er avleia av rond, som betyr rand eller kant.

Randvik i gamal tid

Øster-Risøer hamn (no Risør by) blei bygd på garden Randviks grunn. Den første me veit som budde på Randvik, er Peder Ågessøn i 1601. I fylgje Risørboka til Tallak Lindstøl, blei tollar Christian Stercke d.1658 eigar av Randvik, etter lensherre Christoffer Goye (1619-1630). Han kjøpte husmannsplassen Buvika med grunner og ringar i Øster-Risøer hamn av Mads og Anders Randvik. Det var berre halvparten, sida Øster-Risøer hamn høyrte til Jacob Madsen.

Randvik frå 1960-talet til 1990-talet

Då Søndeled herad blei slått saman med Risør bykommune 1. januar 1964, blei au Randvik ein del av Risør. På 1960-talet begynte Risør kommune å bygge bustader og blokker oppover Randvik. Frå 1970-talet til 2000-talet blei det sett opp mange bustader på Randvikheia og i Randvikskauen. Det vaks opp ei bygd, som blir rekna til tettstaden Risør.

Kjelder og litteratur