Folkestadvegen (Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Folkestadvegen-1.jpg&width=400)
Folkestadvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).
Folkestadvegen i Bø i Telemark går nordover, frå rundkøyringa i krysset med Bøgata og Stasjonsvegen i sentrum, til krysset med Reshjemvegen og Lifjellvegen ved Tjønntveit.
Vegen har namn etter Folkestadgardane og er omlag 4,1 km lang. Den kryssar Bøelva på den 85 m lange Folkestad bru, ved Ågetveitjuva, og er ein del av Fv 152 som endar i Heddalsvegen ved Tuven på Notodden.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no