Vik kommune
Vik kommune ligg i Sogn og Fjordane, og grensar til Balestrand, Leikanger, Sogndal og Lærdal i nord, Aurland i aust, Voss og Vaksdal i sør og til Modalen og Høyanger i vest. Administrasjonssenteret er Viksøyri, som er einaste tettstad i kommunen.
| Vik kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 4639 |
| Fylke | Vestland |
| Kommunesenter | Viksøyri |
| Areal | 833.21 km² |
| Areal land | 795.23 km² |
| Areal vann | 37.98 km² |
| Folketall | 2 550 (2025) |
| Grunnlagt | 1838 |
| Sammenslåing(er) | 1964: Vangsnes sokn frå Balestrand |
| Fradeling(er) | 1964: Kvamsøy sokn til Balestrand |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Jern- og metallvareindustri står sterkt i kommunen. Vik Ørsta, tidlegare Hydro Aluminium, er hjørnesteinsbedrift. Det er óg anna industri, mellom anna møbel- og maskinindustri. I landbruket finn ein mest husdyrhald, særleg småfe og geit. På Vangsnes og i Fresvik er det ein del fruktdyrking.
Kjelder
- Vik - kommune i Store norske leksikon
- Vik kommune på Wikipedia på nynorsk
