Olav J. Løyland
Olav J. Løyland (fødd 25. august 1919 i Bygland, død 31. desember 2010 same staden) var gardbrukar og tømmermålar.
Han var son av lærar, forfattar og gardbrukar Jon Løyland, og Gyro O. Løyland Hovet.
Olav Løyland var aktiv i fleire foreiningar og lag i Bygland, og i 2003 fekk han kulturprisen i Bygland kommune for sin innsats. Han var mellom anna aktiv i mange år som leiar i Bygland ungdomslag, Bygland Mållag, Årdal folkeakademi, Setesdal Reiselivslag og Bygland pensjonistforening. Han sat i styret for Setesdalsmuseet i 32 år. Like lenge var han kyrkjeverje i Årdal sokn. Løyland var med på arbeidet med bygdeboka Bygland gard og ætt. Som faren var han god til å fotografere, og mange av bileta hans er nytta i bygdebøker frå Setesdal.
Olav J. Løyland hadde ei stor samling folkeminne frå Setesdal som far hans hadde samla, og desse fekk han ut i boka Jon Løyland: Soger og segner, viser og vers med Leonhard Jansen som redaktør i 2008.
Han døydde på Byglandsheimen, og vart gravlagd frå Årdal kyrkje 7. januar 2011.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Olav J. Løyland på Digitalt museum.
- Olav J. Løyland på KulturNav
- Olav Løyland på Setesdalswiki
- Olav Løyland i Historisk befolkningsregister
![]() |
Olav J. Løyland er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |