Lars R. Nedrelid
Lars R. Nedrelid (fødd 6. mars 1883, død 4. november 1952) var frå husmannsplassen Oppistova under Nedrelid i Jostedalen, Sogn og Fjordane. Han fekk høve til å ta lærarutdanning, og han budde fyrst med huslydein sin i barndomsheimen i Oppistova. I 1930 flytte han så til Sperla (bnr. 2) der han vart gardbrukar og budde resten av levetida.
Lars R. Nedrelid vart tilsett som lærar og klokkar i Jostedalen i 1919. Han var klokkar fram til 1922 og arbeidde som lærar resten av livet. I 1927 og 1930-33 var han styreformann (direktør) for Jostedal sparebank.
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 183 og 272. (Digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
Forgjengar: Anders Hjellum |
Klokkarar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Ove Haug |