Borghild Syljulien
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Borghild Syljulien (fødd 14. januar 1917 i Kolbu, død 5. februar 2015 i Østre Toten) var landhandlar. Saman med systera Ester dreiv ho Kvikstad-butikken i Kolbu på Toten frå 1955 til 1991. Båe var ugifte.
Bakgrunn
Ho var dotter av [[Ole Kristian (1879–1954) og Martha Syljulien (f. Ringen, 1884–1978). Den 11. mars 1917 vart Borghild døypt i Kolbukyrkja. Ho fekk seinare broren Gunnar (1922–2004) og systera Ester.
Faren hadde alt i 1906 byrja som landhandlar på Kvikstad. Han tok òg over småbruket Rårengen etter foreldra, men Ole Kristian og familien busette seg i leiligheita over butikken på Kvikstad.
Landhandlar
Alt frå ungdomstida hadde systrene Borghild og Syljulien vore mykje med i butikken, og etter at faren døydde i 1954, var det dei som tok over. Gunnar bygde i staden gartneri på Rårengen.
Kvikstad-butikken var heile tida ein gammaldags, assortert landhandel, med bredt vareutval og sal over disk. I tiåra etter andre verdskrigen leigde systrene òg ut fryseboksar.
Det var truleg Borghild som hadde ansvaret for rekneskapsføringa, for i 1955 tok ho eksamen med særs godt som hovudkarakter ved Granum og Eftedals Handelsskole på Gjøvik.
Pensjonist
I juleutgåva 24. desember 1991 hadde lokalavisa Samhold-Velgeren reportasje om butikken, som systrene no hadde bestemt seg for å selje. Dei ville pensjonere seg. Landhandleriet vart nedlagt ved årsskiftet 1991/92, og butikkbygningen vart seld til Martin Rukan. Borghild og Ester Syljulien flytta då til Rårengen.
Borghild døydde på Østre Toten sykehjem 5. februar 2015, 98 år gammal.
Kjelder og litteratur
- Borghild Kristine O. Syljulien, Kvigstad i folketelling 1920 for Kolbu herred fra Digitalarkivet
- Borghild Kristina (dåpsborn) i Kirkebok for Kolbu sogn 1912–1925.
- Munnlege opplysningar frå Ester Syljulien og tidlegare kundar (Marit og Hilde Dysthe), 28. mai, 28. juli og 1. august 2011.
- Samhold-Velgeren, 24. desember 1991: «Ikke mer nymalt kaffe fra Kvikstad Landhandel». Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Totens Blad, 21. mai 1955: «Mange totninger ved Eftedals Handelsskole». Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Totens Blad, 18. februar 2015: «Dødsfall». Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Totens bygdebok - bind III, Oslo 1968. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 651-652.