Ester Syljulien

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ester Syljulien (fødd 1927 i Kolbu, død 5. mars 2018 i Østre Toten) var landhandlar. Saman med storesystera Borghild (1917–2015) dreiv ho Kvikstad-butikken i Kolbu på Toten frå 1955 til 1991. Båe var ugifte.

Ho var dotter av Ole Kristian (1879–1954) og Martha Syljulien (f. Ringen, 1884–1978). Faren hadde i 1907 opna butikken på Kvikstad, i tillegg til at han hadde bruket Rårengen. Ester var den yngste i ein syskenflokk på tre. Broren Gunnar (1922–2004) overtok Rårengen, der han starta gartneri.

Ole Kristian Syljulien døydde i 1954, og året etter vart døtrene Borghild og Ester innehavarar av butikken, etter at dei alt frå ungdommen hadde hatt mesteparten av yrkeslivet sitt her. Dei hadde gammeldags, assortert landhandel, med bredt vareutval og sal over disk. Ester og Borghild ga seg med butikkdrifta ved årsskiftet 1991/92. Etterpå selde dei butikkeigedomen og flytta til Rårengen.

Som ung spelte Ester Syljulien handball for Kolbukameratene.

Kjelder og litteratur

  • Dystebakken, Bjørn: Kolbukameratene 1935-1985. Lena (1985?), s. 29.
  • Munnlege opplysningar frå Ester Syljulien og tidlegare kundar (Marit og Hilde Dysthe), 28. mai, 28. juli og 1. august 2011.
  • Samhold-Velgeren, 24. desember 1991: «Ikke mer nymalt kaffe fra Kvikstad Landhandel». Digital versjonNettbiblioteket.
  • Totens Blad, 21. mars 2018: «Dødsfall». Digital versjonNettbiblioteket.
  • Totens bygdebok - bind III, Oslo 1968. Digital versjonNettbiblioteket, s. 651-652.